Nye doktorgradsstipendiatar i Helse Møre og Romsdal
Seksjon for forsking og utdanning gratulerer Peder Brekke og Erik Ostnes med tildelingar av ph.d.-stipend med oppstart i 2026.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Ph.d.-prosjektet til Peder Brekke har tittelen "ZeroDoseMRI - Cancer Diagnostics with Synthetic Contrast Enhancement", og er ei tildeling frå Samarbeidsorganet. – Målet med prosjektet er å anvende metodikk frå djup læring for å syntetisere postkontrast hjerne-MR-bilde berre ved bruk av bildesekvensar som er tatt utan administrering av kontrastvæske. Håpet er at dette kan gi eit ikkje-invasivt alternativ til gadoliniumbaserte kontrastmidlar, fortel Brekke.
Han har tidlegare studert fysikk og matematikk ved NTNU og var ferdig hausten 2025.
- Unik moglegheit
– Under studiet har eg fokusert på numerikk og optimering, samt maskinlæring. Eg hadde eit år i arbeidslivet etter studiet, men når eg fekk tilbod om doktorgradsstillinga så måtte eg berre takke ja, fordi denne moglegheita er så unik og spennande, seier Brekke.
Han legg til at han synes det er heilt supert å få midlar.
– Eg har alltid vore interessert i den medisinske verda, og hadde medisinstudiet i Trondheim som andreval då eg søkte på studiar etter vidaregåande. Det blei ikkje medisinstudiet den gongen, men med dette prosjektet får eg moglegheita til å jobbe inn mot det medisinske feltet på ein heilt unik måte. No gler eg med veldig til å kome skikkeleg i gong med både ph.d.-fag og sjølve prosjektarbeidet.
Dagkirurgisk protesekirurgi
Erik Ostnes er overlege i ortopedi ved Volda sjukehus, og ph.d.-prosjektet hans er tilknytt DART-studien (Daycase hip and knee Arthroplasy in Møre & Romsdal Trial). Han fortel at dette er ein multisenterstudie kor dei skal forske på dagkirurgiske pasientforløp innan protesekirurgi i hofter og kne. Studien er finansiert av Helse Midt-Norge, samt øyremerka midlar til forsking frå HMR.
– Dei siste åra har eg vore tett involvert i utviklinga av dagkirurgisk protesekirurgi ved Volda sjukehus, der eg frå ortopedisk side har hatt ei sentral rolle i utforming og implementering av dagens pasientforløp, seier Ostnes.
Etter turnus- og militærteneste byrja han som assistentlege ved Ålesund sjukehus i 2006. Etter arbeid ved Volda sjukehus og sentralteneste ved Stavanger universitetssjukehus blei han spesialist i ortopedi i 2013 og same år overlege ved ortopedisk avdeling på Volda sjukehus.
Vil bidra til berekraftige helsetenester
– Den breie kliniske erfaringa har gitt meg god innsikt i pasientforløp innan ortopedisk kirurgi, fortel Ostnes. – Arbeidet med å utvikle meir effektive og trygge behandlingsforløp har styrka interessa mi for klinisk forsking og for korleis systematisk kunnskapsarbeid kan bidra til betre behandlingstilbod for pasientane. Eg ønsker å bidra til forsking som kan gi betre pasientbehandling og meir berekraftige helsetenester, avsluttar han.
Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.