Vibeke Devold Valderhaug ny konstituert forskingssjef

Den 1. februar gjekk Anne-Sofie Furberg av som forskingssjef i Seksjon for forsking og innovasjon ved Helse Møre og Romsdal. Vibeke Devold Valderhaug er no konstituert i stillinga.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 16.02.2024
Sist oppdatert 07.03.2024
To kvinner som står ved siden av hverandre
Fra venstre: Anne-Sofie Furberg og Vibeke Devold Valderhaug

Furberg blei tilsett i juni i 2023 i ei 50% stilling. Ho har delt tida si mellom Ålesund, Molde og Tromsø. 

– Eg er heldig som har fått vore forskingssjef i Helse Møre og Romsdal. Det har på mange måtar vore draumejobben å få prøve meg på ein leiarjobb innan forsking, som eg brenn for, og sånn sett er det leit å forlate den rolla og det spanande fagmiljøet i helseføretaket, men det gjer eg av omsyn til familien min og det faktum at eg har kvardagen min i Tromsø der eg bor, fortel Furberg.

Vidare seier Furberg at ho er trygg på at Devold Valderhaug kjem til å gjere ein strålande jobb. – Ho er ein veldig dyktig kollega, som saman med resten av gjengen i Seksjon for forsking og innovasjon har eit glødande engasjement for forskarane og forskinga i føretaket.

Devold Valderhaug påpeiker at det blir eit stort tap for laget at Furberg no gjeng av, men at ho ser fram til utfordringa. – Dette blir spanande. Første prioritet blir å halde opp den gode driven. Saman med Seksjon for kliniske studiar har vi fått til mykje, vi er inne i ein bra steam og det skal vi halde fram med. Vi er eit lite med godt lag, og eg veit at eg har god støtte frå kollegaene mine.

Leiar for Fagavdelinga, Erik Solligård, er glad for at Devold Valderhaug vil bli

Bilde av fagdirektør Erik Solligård
Erik Solligård

konstituert forskingssjef.

– Ho har jobba tett med Anne-Sofie og eg trur at jo kan vidareføre dei prosessane som er satt i gang i føretaket det siste året. Det er veldig synd at Anne-Sofie sluttar. Ho har brakt ei viktig kompetanse inn hos oss, og ho har styrka oss forskingsmessig. Det er leit at ho sluttar, men eg forstår avgjerda hennar, seier Solligård. Han påpeiker at stillinga vil bli lyst ut i løpet av våren, og at han håper å få på plass ein person på permanent basis etter sommaren.

Furberg skal fortsette i ei halv stilling ut februar. Ho har gjort seg nokre tankar om kva ho skal gjere framover.

 – Eg skal fokusere på forsking då eg snart går tilbake til å vere fulltids forskar ved Universitetssykehuset i Tromsø. Eg skal òg fortsette i ei bistilling ved Høgskulen i Molde. Eg skal framleis vere i Møre og Romsdal. No kjenner eg helseføretaket veldig godt, og vil fortsatt ha forskingssamarbeid med Helse Møre og Romsdal, avsluttar Furberg.