Forskingsnyheiter
Nytt tilbod i Molde for vaksne med autisme og reguleringsvanskar
Mange vaksne med autismespekterdiagnose (ASD) strever med å regulere sterke følelsar, men behandlingstilbodet er ofte mangelfullt. Ved Psykiatrisk poliklinikk i Molde får no vaksne med ASD tilbod om å delta i eit forskingsprosjekt med ei spesialtilpassa type ferdigheitstrening. Målet er å gi deltakarane verktøy til å handtere emosjonelle utfordringar og destruktiv åtferd.

– Autismespekterdiagnose (ASD) er ein livslang nevro-utviklingsforstyrring som kjenneteiknast av utfordringar knytt til sosial interaksjon, sensoriske opplevingar, repetitiv åtferd og særinteresser. ASD presenterer seg med stor variasjon i det kliniske bildet og er meir utbreidd enn tidlegare antatt. Sjølv om fleire får diagnosen, er det stor mangel på evidensbaserte behandlingsalternativ for vaksne, spesielt når det gjeld fleire psykiske lidingar samtidig.
Dette fortel Johanna Vigfusdottir, ph.d.-stipendiat og psykologspesialist ved DPS poliklinikk Molde.
Ho seier at dei i løpet av dei siste åra har sett ei auke i tal på tilvisingar der pasientane har betydelege reguleringsvanskar, ofte med mistanke om emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, men kor vidare utredning avdekker autismespektertilstander.
Kan DBT vere løysinga?
– Behandlingsmetoden dialektisk åtferdsterapi (DBT) er utvikla for å hjelpe menneske som strever med sterke følelsar og øydeleggande åtferd. Målet med ferdigheitstreninga er å lære å handtere sterke kjensler, vanskelege relasjonar og kriser slik at ein lettare oppnår måla sine i livet.
Emosjonsreguleringsvanskar kan manifestere seg som ei manglande evne til å kjenne att, forstå og handtere kjenslemessige responsar, noko som kan føre til destruktive strategiar og handlingar som negativt påverkar pasientane og pårørande.
– Mange av desse pasientane har ikkje fått autismediagnose før i vaksen alder, og har levd med betydelege vanskar som ofte har blitt misforstått og mistolka i møte med hjelpeapparatet og verda. Vi har lagt merke til at det eksisterer få tilpassa behandlingstilbod for denne gruppa, noko som har vært ei kjelde til frustrasjon og oppleving av hjelpeløyse blant klinikarar og ikkje minst pasientar, seier Vigfusdottir.
Dette danna utgangspunktet for følgande idé: Kan ein tilpassa versjon av DBT-ferdigheitstrening vere nyttig for autistiske vaksne med emosjonsreguleringsvanskar?

Tilpassing av behandlingsmateriale
Vigfusdottir fortel at dei har gjort justeringar i måten dei behandlar pasientane på.
– Tilpassingane er gjort med utgangspunkt i autismespekterets særeigne utfordringar, som blant anna maskering - som er ein strategi der personar med autisme prøver å skjule eller tilpasse sine autistiske trekk for å passe inn sosialt, annleis oppleving av sanseinntrykk og ulik lærestil. Vi har utvikla ei ny arbeidsbok der vi har fokus på auka bruk av visuelle hjelpemidlar, interaktive øvingar og tilrettelegging for sensoriske behov. Målet med tilbodet er ikkje meint å hjelpe autistiske personar til å “passe inn” eller skjule autsimen sin, men å gje dei verktøy og ferdigheiter som kan bidra til å redusere liding og støtte dei i å nå sine eigne mål og bygge eit liv dei sjølv ønsker, understreker ho.
Samarbeid og tildeling av midlar
No skal dei involverte i prosjektet utforske denne metoden systematisk og forskingsbasert. Dei har etablert kontakt med fleire nasjonale og internasjonale aktørar. Blant desse er Autismeforeningen – som har bidratt med blant anna brukarerfaringskonferanse, som igjen har bidratt til utviklinga av prosjektet og tilpassing av materialet. Dei har også etablert samarbeid med forskarar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og –forebygging (UiO), Oslo universitetssykehus, Universitetet på Island, University of North Carolina - Capitol Hill og Triangle Area Psychology Clinic North Carolina. Prosjektet har mottatt støtte frå DAM-stiftelsen og Helse Møre og Romsdal.
Implementering og vidare arbeid
Tilbodet til pasientane består av ferdigheitstrening ein gong i veka over seks månadar. I første omgang er det pasientar ved Psykiatrisk poliklinikk i Molde som blir tilvist til gruppene. Før og etter behandlinga vil det bli gjennomført evaluering av opplevinga av behandlinga, destruktiv åtferd, emosjonsreguleringsvanskar, bruk av ferdigheiter og livskvalitet med intervju og spørjeskjema.
– Første gruppe starta nyleg, og vi opplev at deltakarane er motiverte og engasjerte. Vi ser fram til å følgje utviklinga og evaluere om tilbodet er gjennomførbart og opplevast relevant og nyttig for både folk og system. Vi håpar at dette vil føre til vidare utforsking av effekten av tilbodet, seier Vigfusdottir.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.