Forsking, radiologi

Opna nyutstyrt intervensjonslaboratorium på Radiologisk avdeling

- Det nye utstyret gir oss moglegheit til å betre kvaliteten på jobben vår, i tillegg til at vi kan gjennomføre prosedyrar som vi ikkje kunne gjere før, seier forskar og radiolog Solveig Roth Hoff.

Petter Bjørklund
Publisert 12.04.2023
En mann og en kvinne på et sykehusrom
NØGDE: Avdelingssjef Jenni Mari Hildre Dimmen og seksjonsoverlege Inge Lode seier det er kjekt å sjå det endelege resultatet. (Foto: Petter Bjørklund)

Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus markerte opninga av sitt nye intervensjonslaboratorium. Det nyutstyrte og oppdaterte laboratoriet er det største på avdelinga når det gjeld areal.

Laboratoriet skal mellom anna brukast til å ta bilete av blodårar, behandle utposingar i hovedpulsåra (aorta-aneurismar), opne tette arteriar, og stoppe blødingar ved hjelp av kateterbasert teknikk.​​

Les også: Slik var markeringa til Helse Møre og Romsdals første forskingsgruppeleiarar

​Stor betyding for pasientane

Seksjonsoverlege Inge Lode og avdelingssjef Jenni Mari Hildre Dimmen seier det er kjekt å sjå det endelege resultatet.
Radiolog Solveig

Forskar og radiolog Solveig Roth Hoff (Foto: Petter Bjørklund)



- Det er veldig tilfredsstillande. Med dette laboratoriet har vi like store moglegheiter som for eksempel legane på St. Olavs hospital når det kjem til utstyrskvalitet, seier Lode.

Forskar og radiolog Solveig Roth Hoff legg til at apparaturen på laboratoriet vil ha stor betyding for pasientane.

- Det nye utstyret gir oss moglegheit til å betre kvaliteten på jobben vår, i tillegg til at vi kan gjennomføre prosedyrar som vi ikkje kunne gjere før.​

Sjølv om laboratoriet ikkje har nokon direkte innverknad på forskingsaktivitet i helseføretaket, fortel Hoff at kvalitetssikringsprosjekt vil vere relevant og viktig for å utforske effekten av nye prosedyrar.​

- Nye prosedyrar kan òg gi inspirasjon til å starte forskingsstudiar, legg til Hoff.

Meir presise bilete av blodårar og lågare stråledose

Laboratoriet gir legane moglegheit til å ta meir presise bilete av blodårane til pasientane, noko som bidrar til å forbetre behandlinga dei får på sjukehuset.

Av det nye utstyret vil den nyinstallerte "C-bogen" spele ei viktig rolle. Med eit røntgenrør i den eine enden og ein detektor i den andre kan apparatet ta bilete av blodårane til pasientar som ligg på undersøkingsbordet. Biletet framstillast så i høg oppløysing på ein storskjerm.

- Utstyret gjer at man også kan ta bilete som nesten ser ut som eit CT-bilete. Dette hadde vi ikkje moglegheit til tidlegare, og det vil vere nyttig når vi held på med komplekse inngrep innvendig, seier Lode.

bilde

​GODT UTRUSTA LAB: Av utstyr på laboratoriet finn man den nyinstallerte "C-bogen" (t.h.): eit røntgenapparat med røntgenrør i den eine enden og ein detektor på den andre. Biletet framstillast i høg oppløysing på skjermen til venstre.​​ (Foto: Petter Bjørklund)

I tillegg til betre biletkvalitet seier Dimmen at laboratoriet gir lågare doser av stråling.​

- Vårt nye angio-laboratorium gir betre biletkvalitet og lågare stråledose. Dette gir raskare og betre pasientbehandling- og diagnostikk, fortel Dimmen.​

Ho legg til at det er stor entusiasme og glede blant legane og radiografane i forbindelse med opninga av det nye intervensjonslaboratoriet.

- Vi og heile det nye angio-teamet med legar og radiografar gler oss over det nye laboratoriet.

​Philips er leverandør av utstyret på intervensjonslaboratoriet.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.