Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter, arrangement

Påfyll: I ei medisinert verd, treng vi fleire diagnosar?

Fleire får diagnosar. Fleire brukar medisinar. Samtidig får vi stadig meir kunnskap om korleis hjernen og kroppen fungerer. Men kvar går grensa mellom sjukdom og normalvariasjon? Dette var utgangspunktet då det populærvitskapelege talkshowet «Påfyll» samla publikum i Parken kulturhus i Ålesund ein kveld i november for å snakke om ADHD, angst og fedme.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 13.11.2026
En gruppe mennesker på en scene

Foto: Børge Sandnes/NTNU

Eit fagleg sterkt panel uttalte seg om store medisinske spørsmål.

Gjennom personlege historier, faglege perspektiv og ein engasjerande panelsamtale fekk publikum innsikt i korleis diagnosar både kan vere eit viktig hjelpemiddel og ei utfordring for måten vi forstår oss sjølve og kvarandre på.   

ADHD handlar om meir enn uro 

Programleiar Stig Arild Pettersen innleia med ei rekkje tankevekkjande spørsmål om realiteten i dag. Har vi blitt sjukare? Eller har vi berre blitt flinkare til å finne ut kva som feilar oss? Eller har grensa for kva som er sjukdom og kva som «berre er livet» flytta seg? 

Den første gjesten var psykiater og professor ved NTNU Solveig Klæbo Reitan. Ho tok til orde for å nyansere dei vanlege oppfatningane av ADHD. 

– ADHD er jo så mykje meir enn den stereotypen, sa ho då programleiar Stig Arild Pettersen viste til førestillinga om at tilstanden først og fremst handlar om hyperaktive barn.  

Foto: Børge Sandnes/NTNU

Solveig Klæbo Reitan i samtale med Stig Arild Pettersen.

Reitan peika på at ADHD ofte handlar om utfordringar med konsentrasjon, planlegging, organisering og det å handtere krava i kvardagen. Ho understreka òg at tilstanden ikkje er ny. 

– ADHD har vore her heile tida, sa ho, og viste til at ADHD-liknande symptom er skildra i medisinsk litteratur fleire hundre år tilbake i tid.   

At fleire får diagnosen i dag, handlar etter hennar syn først og fremst om auka kunnskap. 

– No når vi har meir kunnskap, så kan vi seie: Det er jo ikkje så lett for dei, dei har ei funksjonsnedsetjing. Då kan vi bli mykje rausare i møtet med dei som har dette handikapet, som ho kalla det. 

Samtidig løfta Reitan fram eigenskapar som ofte blir gløymde i diskusjonen om ADHD. 

– Eg pleier å seie at Noreg er ein sjøfartsnasjon fordi vi hadde gutar med ADHD som klatra i masta midt ute på Atlanteren.   

Når angst blir eit hinder 

Psykologspesialist Kristian August Tjelle frå DPS Molde forklarte korleis angst i utgangspunktet er ein heilt naturleg reaksjon. 

– For mennesket si overleving har det vore veldig viktig å ha evna til å kunne reagere på det vi oppfattar som fare. Ein av dei vanlegaste angstlidingane er sosial angst, og evolusjonsmessig kan ein godt forstå det fordi det har vore heilt avgjerande å vere ein del av ein flokk for å overleve. Det vil seie at viss du risikerte å bli utstøytt av flokken din, så var det ofte einstydande med ein dødsdom. 

Han la til at angst blir først eit problem når ho tek overhand og hindrar oss i å leve livet slik vi ønskjer. 

– Når det utviklar seg til ei angstliding, går det utover å fungere normalt, og ein ikkje har moglegheit til å leve det livet ein ønskjer seg.  

Foto: Børge Sandnes/NTNU

Kristian August Tjelle på scena.

Tjelle skildra korleis mange opplever at dei forstår at frykta er irrasjonell, men likevel ikkje klarer å kontrollere reaksjonane. 

– Angsten vår snakkar frykteleg dårleg norsk, den snakkar veldig godt kroppsspråk. 

Han forklarte kvifor eksponeringsterapi er ei sentral behandlingsform. Målet er å erfare, ikkje berre forstå, at det ein fryktar ikkje er farleg. 

– Ein kan ikkje lese hundre bøker om det, det vil ikkje hjelpe..  

Fedme er meir enn livsstil 

Forskar og overlege i gastroenterologisk kirurgi ved Ålesund sjukehus Jorunn Sandvik gav publikum innblikk i eit fagfelt som ofte er prega av sterke meiningar og forenkla forklaringar. 

Ho understreka at fedme ikkje berre kan forklarast med livsstilsval. 

– Det er ingen som har utvikla fedme utan å ha ete meir enn dei har brukt av energi, men det er litt for enkelt å berre seie at det er ein livsstil.  

Foto: Børge Sandnes/NTNU

Jorunn Sandvik forklarar at fedme kan ha mange komplekse årsakar.

Samtalen kom naturleg inn på dei nye slankemedisinane som har fått stor merksemd dei siste åra.  

– Har dei nokon negative effektar? Kan kven som helst berre gå inn på apoteket og kjøpe desse sprøytene og dermed gå ned i vekt? ville Pettersen vete. 

Sandvik svara at ein må ha ein lege som skriv ut resept, og at sprøytene kan vere til god hjelp, men dei er langt frå ein «quick fix». 

– Det er viktig med desse sprøytene at dei er ei hjelp til å gjennomføre ei livsstilsendring. Samstundes er dei med på å lage eit større skilje i samfunnet reint sosioøkonomisk sett. Dei som har mest bruk for sprøytene har rett og slett ikkje råd, så det er store skilnadar. 

Ho uttrykte òg uro for korleis utviklinga kan påverke synet vårt på kropp og normalitet. 

– Ein gir mindre rom for å vere frodig, ein blir mindre raus i forhold til å godta at folk er forskjellige, sa Sandivk. 

Diagnosen som gav svar 

Artist og låtskrivar Hilde Marie Kjersem, som hadde opna kvelden med Elliott Smith- songen «Between the Bars», delte si eiga historie om å få ADHD-diagnose i vaksen alder.  

Etter at ho fekk barn, opplevde ho at dei strategiane som tidlegare hadde hjelpt henne gjennom kvardagen, ikkje lenger strekte til. Då ho byrja å lese om ADHD hos vaksne, kjende ho seg att. 

– Det var som å sprekke ei boble. Eg kjende meg så godt igjen- 

For Kjersem var diagnosen først og fremst ei forklaring, ikkje eit stempel. 

– Eg klarte å bli kjempesnill med meg sjølv.  

Ho fortalde at diagnosen gjorde det lettare å forstå eigne reaksjonar og utfordringar. 

– ADHD betyr jo berre at hjernen min er kopla annleis. Eg skal jo ikkje vere slik som de andre. 

Kjersem løfta òg fram metakognisjon som eit viktig verktøy i kvardagen. 

– Eg plar å ta eit steg tilbake i hjernen og observere at no blir eg uroleg, kvifor blir eg uroleg? Metakognisjon handlar rett og slett om å ha ein eigen bevisstheit rundt sine eigne tankar. Det hjelper kanskje ikkje alle, men det hjelper meg. 

Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR

Hilde Marie Kjersem framførte to songar på scena.

Eit rausare samfunn 

I den avsluttande panelsamtalen vende deltakarane tilbake til kveldens overordna spørsmål: Har vi blitt sjukare, eller har samfunnet blitt mindre romsleg? 

Panelet peika på at menneske er forskjellige, og at folk treng ulik hjelp. For nokon er medisinar avgjerande. For andre handlar det om tilrettelegging, fysisk aktivitet, terapi eller større forståing frå omgjevnadene.  

Avslutningsvis delte Tjelle ein framtidsvisjon som fekk god respons frå salen: 

– Som psykolog drøymer eg om eit raust samfunn som fungerer hakket meir førebyggjande enn det samfunnet vi har i dag, og så ønsker eg at det skal vere ein lav terskel til høgkvalitets psykologisk behandling til dei som treng det. 

Foto: Børge Sandnes/NTNU

Panelsamtalen på slutten av arrangementet ga publikum ulike perspektiv på aktuelle tematikkar.

Dette var årets siste Påfyll, men arrangementet kjem tilbake til våren, så følg med. 

Påfyll er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal, NTNU i Ålesund, Møreforsking, SINTEF, Ålesund kommune og Atlanterhavsparken med støtte frå Sparebanken Møre.