Forskingsnyheiter
Påfyll: Leve lengst mogleg eller leve her og no?
Er alder ein sjukdom som kan kurerast? Skal vi leve her og no, eller legge om til ein ekstrem livsstil slik at vi kan leve til vi blir 150 år? Og kva skjer eigentlig i kroppen etter kvart som vi blir eldre? Med desse spørsmåla i sentrum vart det duka for nok ei utgåve av det populærvitskapelege talkshowet Påfyll på Parken kulturhus i Ålesund.

Temaet for denne måndagskvelden i slutten i april var rett og slett «Kvifor skal vi bli så gamle, då?». Dei som møtte opp til arrangementet fekk høyre frå eit panel som hadde vidt forskjellige meiningar og erfaringar når det gjaldt livskvalitet og aldring. Programvert Bjørn Vatne losa som vanleg bidragsytarane gjennom showet med ein blanding av humor og alvor.
Er alder ein sjukdom?
Først ut var nevrologen Nicolai Tell som hadde tatt turen frå Tønsberg. Han beskriv seg sjølv som framtids- og teknologioptimist og humanist. Han har eit mål om å blir 150 år gamal, og vil at vi skal definere alder som ein sjukdom.
– Viss vi ser på aldring som sjukdom så kan ein begynne å forske på det, sa han. – Viss vi «kurerar» aldring slik at vi blir verande 25 år fysiologisk, så kan vi eliminere kreft og hjarte- og karsjukdomar, Alzheimers og leggje ned 75% av sjukehusa.
Vatne parerte med at det høyrdest heilt forferdelig ut med ein klode full av 25-åringar, men ville vete kva slags livsstil legen har lagt opp til for å leve til godt over 100 år.
– Eg held meg langt unna alkohol, røyk og snus. Eg prøver å leve så sunt som mogleg, og trener jamleg. Eg startar alltid dagen med ein avokado som er full av sunne feittsyrer som kroppen treng.

Keisamt, men effektivt
Akkurat denne tilnærminga er bra, skal vi tru Yngve Seljeseth, overlege og spesialist i indremedisin og geriatri ved Ålesund sjukehus. Han representerte Helse Møre og Romsdal denne kvelden.
– Livsstilen vår har mykje å seie for korleis vi aldrar. Det høyres kanskje keisamt ut, men fysisk aktivitet og eit sunt kosthald er effektive tiltak som kan motverke aldring. Diverre er 75% av 50-årige menn overvektige og ikkje i fysisk aktivitet.
– Men kva er dei typiske aldringsteikna? spurte Vatne.
– Det går nedover med det aller meste, svare Seljeseth. Dei fleste menneske er på topp frå tenåra til ca 25 års alder, etter det blir det dårlegare muskelstyrke og beinbygning, og talet på nerveceller går ned. Som geriatar behandlar eg mange med demenssjukdomar eller hjerneslag, og då ser eg ofte at MR-bilete vi tek av ein 80-åring er mykje meir «romsleg» enn det er på ein 40-åring. Det har skjedd ei nedbryting. Kognitiv svikt er ei stor frykt for mange eldre.

Livsnytar til det fulle
Mens Tell vil leve så lenge det er fysisk mogleg, og har gjort livet sitt til eit prosjekt for å oppnå dette, har kulturformidlar og artist Astrid Overaa ei heilt anna innstilling.
– Eg vil leve her og no, slår ho fast. Eg nyter alt det man ikkje skal gjere viss man skal bli 150 år. Eg vil heller leve livet enn å leve evig. Det er interessant å høyre på Nicolai, men prosjektet hans er ikkje noko for meg. Eg vil jo ikkje forsake alt eg synes er gøy her i livet, som god mat og god drikke og seine kveldar. Dessutan har eg ein mann som døde for nokre år sidan, og han sit jo oppe ved langbordet og ventar på meg. Det synes eg er ein fin tanke, eg skal jo også dit, sa ho.

Ned på cellenivå
Den fjerde og siste gjesten denne kvelden var Mariann Unhjem Wiik, som er utdanna bioingeniør og jobbar som universitetslektor ved NTNU og som genetisk rettleiar ved Ålesund sjukehus. Ho snakka om korleis arv, miljø og genar speler ei rolle i aldringa vår.
Eit av spørsmåla ho fekk var om det finst eit aldringsgen.
– Vi har ikkje eitt aldringsgen, heldigvis tenkjer eg, for då hadde det vore veldig sårbart. Men det har blitt gjort ei rekkje studiar der forskarar har funne mange ulike genar som har med aldring å gjere, og då har er det genar som er lenka opp til sjukdomar som mange får når dei blir eldre, som Yngve var innpå.
– Men kva med dei som har medfødde genfeil? spurte Vatne.
– I Noreg er det tatt i bruk genterapi mot nokre sjukdomar, blant anna blodkreft hos born. Dette føregjeng ved at immunceller som har blitt teke ut har blir programmert om genetisk slik at dei kjenner igjen kreftcellene betre. Ein har sett at dette aukar overlevinga, så vi er godt i gang med å bruke slik teknologi. Moglegheitene er mange, og det er berre fantasien og etikken – ikkje minst – som set grenser, forklarte Wiik.
Panelsamtale
Arrangementet vart avslutta med ein panelsamtale mellom alle dei fire deltakarane. Vatne sette tonen med å spørje om det var lurt å forlenge livet til ein blir 150 år.
Tell svarte sporenstreks at dette kjem til å skje før eller sidan, anten vi vil det eller ikkje
– Det er berre eit tidsspørsmål, sa han.

Seljeseth sa at det er interessant å påpeike at forventa levealder har auka med eit fjerdedels år dei siste 30-40 år.
– Mange 80-åringar i dag tilsvarar 70-åringar for fleire år sidan, så korleis vi lever livet har mykje å seie.
– Eg har snakka med kollegane mine om aldring, og ingen av dei har som mål å leve til dei blir over 100 år, men dei vil ha livskvalitet. Og det er jo det spørsmålet som er viktig når du snakkar med dei eldre, «kva er viktig for deg?». Dei fleste seier viss eg lever godt, fungerer og klarar meg sjølv i kvardagen, då er dei nøgde, sa Seljeseth.
Overaa avslutta med å seie at om det er mogleg å forlenge livet, så skal ein vere forsiktig med slik teknologi.
– Ein tuklar ikkje med skaparverket, åtvara ho.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!