"Påfyll" om kunstig intelligens: håp eller dystopi?
I 2024 handla det første "Påfyll"-arrangementet om kunstig intelligens som noko ganske nytt, fascinerande og litt eksperimentelt. To og eit halvt år seinare er situasjonen ein annan. Kunstig intelligens har funne vegen inn i kvardagen vår, arbeidsplassane våre og helsetenestene våre. På scena i Parken kulturhus tidlegare denne veka samla "Påfyll" igjen fleire fagfolk for å diskutere kva denne utviklinga betyr for samfunnet, arbeidslivet og oss som menneske.

Programleiar Stig Arild Pettersen opna kvelden med å peike på kor raskt utviklinga har gått. Kunstig intelligens blir no brukt til alt frå røntgentolking og journalføring til saksbehandling, politiarbeid og skuleoppgåver. Samstundes reiser teknologien stadig nye spørsmål om tryggleik, personvern og makt.
Språkmodellar som allemannseige
Første gjest på scena var dosent Ottar L. Osen frå NTNU i Ålesund.
Han fekk følgande innleiande spørsmål frå Pettersen: – Det går fort, og mykje har skjedd i mellomtida. Er det mogleg med nokre få ord å beskrive kva du menier har vore de store utviklingane i det to og eit halvt åra som har gått?
– Vi kjem ikkje utanom språkmodellar. Kunstig intelligens går heilt tilbake til 1950-talet, men det er utviklinga dei siste to åra, særleg innan språkmodellar, som har gjort at alle kurvene peikar rett oppover, både når det gjeld kostnader og bruk, svara Osen.

Foto: EATvergrov/NTNU
Store konsekvensar
Mens språkmodellar er hyppig brukt blant befolkninga, er autonome KI-agentar ei kjelde til bekymring, i følgje Osen.
– Den største utfordringa med autonome KI-agentar er ikkje at dei er umoralske, men at dei manglar moral. Dersom slike system skal handle på våre vegner, må dei forstå menneskelege verdiar, etikk og skjønn. Problemet er at dette er vanskeleg å lære bort til maskiner. Ein KI-agent kan vere svært effektiv til å nå eit mål, men utan ei djup forståing av konsekvensane kan han velje løysingar som menneske aldri ville akseptert. I verste fall kan ein agent som prøver å løyse eit problem kome fram til at menneske sjølve er hindringa for å løyse det, og då kan konsekvensane bli alvorlege.
Verdifull hjernekraft
Osen peika på at investorar no satsar enorme summar på KI-utvikling og samanlikna situasjonen med dei tidlegare industrielle revolusjonane. Forskjellen no er at det ikkje handlar om muskelkraft, men om hjernekraft.
– Alle som sit på kontor burde vere litt urolege, åtvara Osen frå scena, og trakk fram barneskulelærar og kunstnar som døme på yrke ein burde satse på.
– Eg er så lei av alle KI-genererte bilde, gje meg eit ekte kunstverk når som helst, sa han.
Han kom òg med eit varsku om at arbeidsoppgåver kan bli automatiserte i eit tempo samfunnet ikkje er førebudd på, og etterlyste ein breiare politisk debatt om korleis gevinstane frå kunstig intelligens skal fordelast.
KI gir raskare svar på sjukehuset
Forsking- og utdanningssjef Endre Grøvik i Helse Møre og Romsdal var neste punkt på programmet. Han fekk følgjande opningsspørsmål: Kor mykje kunstig intelligens blir det brukt i helsevesenet no?
– Først kan eg seie at helsevesenet kanskje er det beste dømet vi har på korleis KI kan brukast på rett måte. Vi bruker KI-verktøy på norske sjukehus kvar einaste dag. Vi ser at interessa blant helsepersonell og folk i administrasjonen er veldig stor.
Eit av døma han trekte fram var KI-støtta røntgendiagnostikk. Når pasientar kjem til sjukehuset med mistanke om brot, kan ein KI-modell analysere bileta på få minutt og hjelpe til med å avgjere om det ligg føre ein skade. Det gjer at pasientar raskare kan få svar og komme vidare til rett behandling eller reise heim.

Foto: EATvergrov/NTNU
Sjølv om teknologien blir stadig betre, understreka Grøvik at det framleis er menneske som har ansvaret.
– Legen må framleis sjå på alle bileta. KI er eit verktøy, ikkje ein erstatning, sa han.
Tryggleik i fokus
Han fortalte at legar no bruker språkmodellar som kan skrive journalnotat automatisk etter samtalar mellom pasient og behandlar. Dette gjer at legen kan bruke meir merksemd på pasienten i staden for dataskjermen.
Grøvik understreka at tryggleik og personvern må stå sentralt når helsevesenet tek i bruk kunstig intelligens. Han vedgjekk at det aldri finst garantiar i digitale system, men meinte samstundes at helsevesenet er blant dei tryggaste forvaltarane av sensitive opplysningar.
– Det er jo aldri 100 prosent sikkert, men er det ein offentleg instans som er veldig trygg, så er det helsevesenet, sa han.
Samstundes peika han på at utviklinga innan KI og kvanteteknologi vil skape nye utfordringar i åra som kjem.
– Etter kvart vil vi få kvantedatamaskiner som kan finne smotthol som vi enno ikkje veit om, og då må vi lage nye metodar og verktøy som beskyttar desse dataa våre, sa Grøvik.
Trass i dei framtidige utfordringane var bodskapen hans klar:
– Som pasient kan du vere veldig trygg på at dine data og dine opplysningar er trygge.
Datasenter, kraft og lokal verdiskaping
Ein annan sentral del av diskusjonen handla om den fysiske infrastrukturen som krevst for å drive kunstig intelligens.
Konserndirektør Erik Espeseth i Tafjord Kraft forklarte kva eit moderne datasenter eigentleg er: store samlingar av datamaskiner som krev enorme mengder energi og avansert kjøling.

Foto: EATvergrov/NTNU
Han fortalte om planane for eit stort datasenter på Sjøholt og peika på at anlegget kan gi fleire hundre arbeidsplassar, både direkte og indirekte.
Samtidig erkjende han at prosjektet har skapt ein kraftig debatt rundt forvaltning av naturressursar.
– Vi må diskutere korleis vi skal bruke kraftressursane våre på best mogleg måte, sa han.
Diskusjonen synleggjorde eit dilemma mange lokalsamfunn står overfor: Kor mykje energi skal brukast på datasenter, og kva får samfunnet tilbake?
KI i ein maritim setting
Professor Marte Fanneløb Giskeødegård ved NTNU i Ålesund bidrog med eit anna perspektiv. Som sosialantropolog forskar ho på korleis menneske tek i bruk ny teknologi i arbeidslivet, og hennar erfaring med implementering i den maritime verdikjeda.
Ho peika på at mange KI-prosjekt mislykkast ikkje på grunn av teknologien, men fordi organisasjonar ikkje er førebudde på endringane teknologien fører med seg.
– Data har berre verdi når dei blir sette inn i ein samanheng, sa ho.

Foto: EATvergrov/NTNU
I det maritime KI-senteret ved NTNU forskar ho mellom anna på korleis kunstig intelligens kan bidra til meir energieffektiv drift av skip, betre trening av mannskap og nye former for avgjerdsstøtte.
Samtidig åtvara ho mot å ta mennesket ut av likninga.
– Det er mykje av det vi gjer i arbeidskvardagen som aldri står i nokon manual, men som likevel er avgjerande for at ting skal fungere.

Foto: EATvergrov/NTNU
Eit verktøy som krev bevisste val
Trass i ulike perspektiv var deltakarane samde om éin ting: Kunstig intelligens er komen for å bli.
Spørsmålet er ikkje om teknologien skal brukast, men korleis han skal brukast. Gjennom heile kvelden gjekk diskusjonen om forholdet mellom teknologi og menneske igjen. Korleis sikrar vi kompetanse, ansvar, tillit og etiske vurderingar i ei tid der stadig fleire avgjerder får støtte frå maskiner?
Påfyll-kvelden gav ikkje alle svara. Men han synleggjorde kor viktig det er å stille spørsmåla medan utviklinga framleis kan påverkast.
For som fleire av innleiarane peika på: KI handlar ikkje lenger om framtida. Han er allereie ein del av notida.
Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.