Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Presenterte forskinga si om diagnostikk av hjartesjukdom hos barn

Førre veke mottok Helse- og omsorgsdepartementet den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta. Blant dei som var på scena og fekk formidla forskinga si var Kristian Sørensen frå Helse Møre og Romsdal.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 16.06.2025
En mann som står ved et podium med en bærbar datamaskin
Kristian Sørensen presenterte forskinga si til Helse- og omsorgsdepartementet. Foto: Beate Horsberg Eriksen/HMR.

Rapporten blei overrekt til statsråd Jan Christian Vestre tysdag 10. juni. I rapporten kan ein mellom anna lese om ph.d.-prosjektet til Kristian Sørensen. Han synes det var kjekt å få presentere forskinga si til forsamlinga.

Ny ultralydteknologi med ekstra presisjon

Sørensen er ph.d.-stidpendiat, nyføddlege og barnekardiolog ved Ålesund sjukehus. Han har nettopp levert avhandlinga si «Enhanced assessment of diastolic function in children using Blood speckle tracking».

Der har han forska på ein ny ultralydmetode som kan betre diagnostikk av hjartesjukdom hos barn.  

– Hovudfokuset har vore å undersøkje om ultralydteknologien kalla «Blood speckle tracking» (BST) kan forbetre legen si vurdering av diastolisk funksjon (fyllingsfunksjon) i venstre hjartekammer hos barn med medfødt hjartefeil, seier Sørensen.

Diastolisk funksjon refererer til hjartet sitt evne til å fylle seg med blod under diastolen, som er avslappingsfasen mellom hjarteslaga. Blodet strøymer då inn i venstre hjartekammer frå venstre forkammer. Effektiv fyllingsfunksjon er avgjerande for at hjartet skal pumpe tilstrekkeleg med blod ut i kroppen under systolen, som er samantrekningsfasen. Om den diastoliske funksjonen blir påverka, kan det gjere det vanskelegare for hjartekammeret å utvide seg og fylle seg med blod.

Les også: Kan oppdage hjertesykdom hos barn tidligere

En person som sitter ved et skrivebord med en datamaskin og et kosedyr
Kristian Sørensen håpar at forskinga has kan bidra til betre diagnostikk av hjartesjukdom hos barn. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR.

I ph.d.-en sin har Sørensen sett om BST kan forbetre bedømming av diastolisk funksjon. Trykkforskjellen venstre hjertekammer er i stand til å utvikle i tidlig diastole, kalla IVPD (Intraventricuiar pressure difference), er eit mål på hjartet sitt evne til å aktivt utvikle sug og oppnå effektiv fylling.

 – BST er basert på en ny type ultralydteknologi kalla planbølge-ultralyd. Planbølge-teknologien gjer det mogleg å produsere ultralydbilde med svært høg bildefrekvens, opptil fleire tusen bilde per sekund. BST utnyttar den høge bildefrekvensen til å avbilde og måle blodstrøm i to dimensjonar – ei stor forbetring samanlikna med dagens Doppler-teknologi som avbildar og målar blodstraum i èin dimensjon. Med BST-metoden kan vi på ein enkel måte sjå fleire aspekt og detaljar av blodstraumen inne i hjartekammeret og i dei store blodårene, forklarar Sørensen

Trykkmålingar med ultralyd

Sørensen er førsteforfattar av ein nyleg publisert artikkel der forskarane har beskrive prosessen med å nytte BST til å berekne IVPD.

 – Vi samanlikna IVDP basert på BST med direktemålt IVPD i ein dyremodell. Vi gjorde direkte måling av IVPD ved hjelp av kateter som gir spesielt nøyaktige trykkmålingar plassert inne i hjartet til grisane, og samanlikna IVPD frå BST med dei invasive trykka. Dette er rekna som ein «gullstandard» metode for å undersøke nøyaktigheita av trykkmålingar med ultralyd. Forsøket viser at IVPD berekna med BST var svært nøyaktig, forklarer Sørensen. – I same artikkel undersøkte vi òg IVPD hos barn med enkammer-hjerter og samanlikna dei med hjartefriske barn. Vi fant da at IVPD var betydeleg redusert hos barna med hjartesjukdom, og at metoden sannsynligvis er godt eigna til å skilje mellom barn med normal og redusert diastolisk funksjon.

Stort potensiale for vidare bruk av BST

I ein anna artikkel, publisert i American Journal of Physiology – Heart and Circulatory Physiology, har Sørensen og medforfattarane sett på bruken av BST til å undersøkje endringar i blodstraumen i venstre hjartekammer og diastolisk funksjon frå fødsel til 6 månadars alder.

– Her såg vi at IVPD auka mellom kvar undersøking. Vi såg òg at BST kan beskrive tydelige endringar i andre aspekt av blodstraumen i venstre hjartekammer med betyding for diastolisk funksjon. Desse endringane og eigenskapane er ikkje mogleg å beskrive med dagens ultralyd-teknologi. Konklusjonen i artikkelen er at BST kan beskrive endringar i blodstraumen i venstre hjartekammer av både kvalitativ og kvantitativ karakter som uttrykk for endra funksjon, vekst og modning. Dette demonstrerer metodens potensiale til å oppdage og overvake endringar i hjartestruktur og funksjon over tid. Det gir moglegheiter til å bruke metoden både til å beskrive normal fysiologi og utvikling og patofysiologi(unormal/uhensiktsmessig) utvikling pga. sjukdom, samt endringar ved terapi, seier Sørensen.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!