Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsnyheiter

Presenterte prosjekt frå MORE på internasjonal kongress i Spania

– Presentasjon av forskingsresultat høyrer med til jobben anten en vil eller ikkje, smiler Jane Bøe Indrevåg, som nyleg deltok på den 27. årlege EFORT-kongressen i Malaga.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 29.05.2026
Ei dame som smiler bak ein talerstol.
Jane Bøe Indrevåg under presentasjonen sin på EFORT-kongressen.

Indrevåg er overlege i ortopedi ved Ålesund sjukehus i tillegg til å vere fersk ph.d.-kandidat.

Kongressen ho var på er ein av dei størte europeiske kongressane, så rettleiaren hennar, forskingsgruppeleiar for MORE, Tommy Frøseth Aae, seier det er imponerande at ho kom gjennom nålauget for podiumpresentasjonen.

– Under ph.d.-utdanninga skal ein halde innlegg ved ein internasjonal konferanse som gir to studiepoeng. Eg er i sluttfasen med arbeidet med den første studien som skal sendast til publisering. Ho utgjer det første arbeidet i doktorgraden min og er ein epidemiologisk studie i samarbeid med Nasjonal register for leddprotesar, seier Indrevåg.

Fleire unge får kneprotese

Studien utforskar pasientar som har fått kneprotese i ung alder, mellom 18 og 50 år.

– Vi har sett på førekomst av kneprotese i denne pasientgruppa, kvifor pasientane har fått kneprotese (diagnose) og kva type inngrep og implantat som er nytta. Kneprotesar har vorte registrerte av Leddregisteret sidan 1994, og vi har dermed over 30 år med data. Det gir oss moglegheit til å  undersøkje trendar over ein lang tidsperiode, forklarar Indrevåg.

Vidare fortel ho at studien viser mellom anna at stadig fleire yngre vaksne får kneprotese, særleg kvinner i 40-åra, og at årsakene til operasjon har endra seg frå inflammatorisk leddsjukdom til primær artrose (slitasjegikt) og artrose som følgje av tidlegare kneskadar.

Spegelbilde av to kvinner.
Spegelbilde av Jane Bøe Indrevåg og kollega Hilde Olsen, som er ortoped i Vesterålen.

Ei bragd å få delta

– Artikkelskrivinga er i sluttfasen, og mai fekk eg høve vil å presentere studien på denne kongressen. EFORT står for European Federation of National Associations of Orthopaedics and Traumatology, som er ein av dei største og viktigaste fagkongressane innan ortopedi og traumatologi i Europa. Det var overraskande, men veldig gøy å få akseptert abstraktet på første forsøk, spesielt på EFORT. Eg har berre vore med ein gong før som deltakar.

Fin balanse mellom jobb og fritid

I år var kongressen lagt til Málaga, som Indrevåg beskriv som ein nydeleg kystby i sør-Spania med både storby-følelse, strenger og grøne åsar ein kan springe på like ved sentrum.

– I tillegg til eit tett fagleg program, nytte vi sjølvsagt òg godt av litt sommar, sol og nydeleg spansk mat og drikke.

To kvinner står på ei høgde med utsikt over ein by
Det vart tid til litt turar innimellom slaga. F.v. Hilde Olsen og Jane Bøe Indrevåg.

Avslutningsvis vil Indrevåg gjerne nytte høvet til å takke den fine studiegruppe for stadig godt samarbeid, og då trekk ho fram hovudrettleiar Aae, birettleiarane Ove Furnes (leiar av Nasjonalt register for leddprotesar), professor Vigdis Schnell Husby, statistikaren Anne Maria Fenstad og kollega Frank-David Øhrn.

– Eg snusa lenge på forskingsprosjekt, og var usikker på om det var noko for meg, men då eg fekk moglegheit til å jobbe med denne dyktige, erfarne og trivelege gjengen, måtte eg berre hoppe i det. Kven ein har rundt seg på jobb, betyr utruleg mykje, og der har eg vore heldig, seier Indrevåg.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.