Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Presenterte prosjekt på verdskongress i Tsjekkia

Prosjektet «ADHD-Bedre Behandling i BUP» nyttar ein ny arbeidsmodell for oppfølging av ADHD-medisinering hjå born og unge. Ved å innføre ein ny arbeidsflyt der sjukepleiarar og legar deler på oppgåvene, har prosjektet vist lovande resultat med høg tilfredsheit blant både foreldre og klinikarar. Førebels resultat frå evalueringa vart presentert på ADHD-verdenskongressen i Praha, og prosjektet har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 15.05.2025
En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Teamet som presenterte poster i Praha. F.v.: Ann Christin Andersen, Jenny Raftevold Lyngstad og Ann-Iren Dyb.

Den 10. mai presenterte prosjektleiar Ann Christin Andersen og teamet hennar førebels resultat frå evalueringa av prosjektet «ADHD-Bedre Behandling i BUP» på ADHD-verdskongressen i Praha. Prosjektet, som er eit kvalitetsforbedringsprosjekt, har som mål å betre oppfølginga av ADHD-medisinering hjå born og unge ved å innføre ein ny arbeidsflyt i BUP-klinikkane i Volda og Ålesund.

 – Tradisjonelt har oppfølging av ADHD-medisinering vore ei oppgåve for legar i BUP, noko som har ført til kapasitetsutfordringar, ventetider og langdryge forløp. Det har vore lite tradisjon for bruk av sjukepleiarar til medisinske oppgåver i BUP, og det har vore noko motstand mot ei slik oppgåvegliding, fortel Andersen.

Fordeling av oppgåver

I den nye arbeidsflyten deler sjukepleiar og lege på oppgåvene knytt til oppstart, dosejustering og evaluering av ADHD-medisinering. Dette sikrar ei tydeleg ansvarsdeling og arbeidsfordeling mellom lege og sjukepleiar. Prosjektet har blitt evaluert gjennom anonyme spørjeskjema til foreldre og klinikarar involvert i prosjektet, samt gruppeintervju med klinikarar og leiarar ved dei to poliklinikkane.

Internasjonal merksemd

Andersen seier at resultata frå evalueringa, som vart presentert i form av ein poster på kongressen, viser høg tilfredsheit blant både foreldre og klinikarar, god kvalitet på oppfølginga og betre ressursbruk. Fleksibiliteten i modellen gir god moglegheit for individuell tilpassing, og legg godt til rete for å integrere psykoedukasjon og foreldrestøtte i fasen med medisinoppfølging. Det er behov for små justeringar i modellen før den kan implementerast i heile avdelinga, og god leiarforankring er anbefalt.

– Posteren fekk stor interesse frå både nasjonale og internasjonale kollegaer. Prosjektet er gjennomført med støtte frå Helse Møre og Romsdal og i samarbeid med NTNU. Deltakinga på kongressen vart støtta av forskingsavdelinga i HMR gjennom såkornmidlar, seier Andersen.

Tilstades på presentasjonen var Ann Christin Andersen (prosjektleiar, seksjonsoverlege ved Avdeling for Psykisk Helsevern Barn og Unge, Helse MR og førsteamanuensis ved NTNU), Ann-Iren Dyb (ADHD-sjukepleiar ved BUP Ålesund) og Jenny Raftevold Lyngstad (avdelingssjef ved Avdeling for Psykisk Helsevern Barn og Unge, Helse MR).

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!