Forskingsnyheiter
Regional Forskningskonferanse Helse Midt-Norge
Det er snart tid for den regionale forskingskonferansen for Helse Midt-Norge. I år går den av stabelen på Clarion Hotel Trondheim 14. og 15. mars.
Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 28.02.2024
Programmet er tettpakka av forskarar som har spisskompetanse på sitt felt. Frå Helse Møre og Romsdal er det psykolog Kristen Hagen og overlege i gastroenterologi Jorunn Sandvik som skal halde innlegg.
Tema for årets konferanse er blant anna forskingsstøtte, tilrettelegging for klinisk forsking, ny klinisk praksis og korleis ein lukkast med å skape gode forskingsmiljø.
Du kan sjå heile programmet ved å følgje denne lenka.