Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Slik var opninga av den nye forskingsposten på SNR Hjelset

Tysdag 13. mai opna den nye forskingsposten på SNR Hjelset. Dette blei feira med ballongar, kake og talar. Forskingsposten skal gi pasientar på Nordmøre og i Romsdal større moglegheiter til å delta i kliniske studiar.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 13.05.2025
Sist oppdatert 27.05.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Rett før snora blei klipt ved inngangen til den nye forskingsposten. F.v: Eldbjørg Hustad, Åse Hagen Morsund, Linn Holstad, Mehmet Emin Kamer og Dag Arne Lihaug Hoff.

Det var seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar, Dag Arne Lihaug Hoff, som sto for talen. Han påpeikte kor viktig det er med eit slikt tilbod som forskingsposten vil gje i regionen.

 – Dette er ein milepæl i vårt arbeid for å fremje forsking og utvikling i pasientbehandlinga her i fylket. Denne nye forskingsposten vil vere ein ressurs for forskarar, klinikarar og pasientar. Den vil gje oss høve til å gjennomføre studiar av høg kvalitet og effektivitet, og bidra til å utvikle mellom anna nye behandlingsmetodar som kan positivt påverke livet til pasientane, sa Hoff før han klipte snora.

En mann som skjærer en kake
Dag Arne Lihaug Hoff forsyner seg med kake.

Styrkar forskingsmiljøet og kompetansen i regionen

Forskingsposten har eit godt rusta laboratorium, og eit nært samarbeid med avdeling for biokjemi, mikrobiologi og patologi i heile fylket. Her blir pasientane møtt av sjukepleiarar, bioingeniørar og legar.

Forsking er ein viktig del av spesialisthelsetenesta. Den nye forskingsposten vil gi legar som også er forskarar høve til å gjennomføre forsking med eigna ressursar. Dette vil generere aktivitet som styrkar forskingsmiljøet og kompetansen i regionen.

Et rom med TV og vindu med utsikt over trær
Behandlingsrommet til forskingsposten har store vindauge med flott utsikt.
En dør med et skilt på
Forskingsposten har òg eige kontorlokaler.

 

Klinisk pasientnær forsking

Forskingsposten vil prioritere klinisk pasientnær forsking, i form av oppdrags- og bidragsstudiar. Aktiviteten vil bli bygd opp etter modellen i Ålesund, som har vist seg å gi gode resultat for både legar og pasientar. Personalet har allereie studiar dei skal starte med, og kompetanseutviklinga vil skje gradvis.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Denne gjengen vil møte pasientane som deltek i kliniske studiar. F.v: Linn Holstad, bioingeniør, Eldbjørg Hustad, lege, Mehmet Emin Kamer, sjukepleiar og Åse Hagen Morsund, lege.

Helsing frå forskingssjefen

Konstituert forskingssjef, Vibeke Devold Valderhaug, seier at den nye forskingsposten legg til rette for at HMR skal kunne tilby pasientane behandling som ligg i kunnskapsfronten, samt utprøving av nye medisinar eller metodar som er vitskapeleg forankra og av høg kvalitet.

– Eg håpar at lokala her vil bli eit sentralt knutepunkt for forskarar, klinikarar og pasientar - rekrutterande, inspirerande og engasjerande. 

Arrangementet var kun for personalet ved forskingsposten. Det vil kome invitasjonar til eit større arrangement seinare.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!