Stor interesse blant ungdomen på Researchers’ Night 2026
Torsdag 24. september sto vi på stand under Reseachers’ Night på Atlanterhavsparken. Arrangementet er ein del av Forskningsdagene 2026, og årets tema er tillit.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Researchers’ Night inviterer ungdom og andre interesserte til å oppleve forsking på nært hald. Gjennom aktivitetar, demonstrasjonar og møte med forskarar får deltakarane innblikk i korleis forsking skaper ny kunnskap og bidreg til å løyse utfordringar i samfunnet.
På Helse Møre og Romsdal sin stand kunne ungdomen få vite meir om ultralyd og kva som føregjeng inne i ein ambulanse. Dei fekk mellom anna ein demonstrasjon av ein multimonitor, som er ein medisinsk overvåkingsskjerm som samlar fleire målingar på éin stad.
Dei unge fekk også prøve ultralyd, og dette var veldig spennande, særleg det å få ein kanyle inn i ei «åre» inne i stikkeputa ved hjelp av ultralydapparatet. Veit du forresten kvifor vi brukar gele? Geleen fjernar lufta mellom ultralydsonden og huda. Det gjer at lydbølgjene kan trengje inn i kroppen og skape tydelege bilete av organ, musklar og blodårer.
Tusen takk til forskar og forskingsrådgivar Solveig Fadnes og ambulansearbeidar Alexander Skar som sto på stand. Og takk til Norges forskninsgråd for økonomisk støtte til arrangementet.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Foto: Helse Møre og Romsdal

Foto: Helse Møre og Romsdal

Foto: Helse Møre og Romsdal
Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.