Stor norsk studie: Ingen effekt av avføringstransplantasjon ved irritabel tarm
Den norske REFIT2-studien viser at avføringstransplantasjon frå friske donorar ikkje gir betre effekt mot irritabel tarmsyndrom (IBS) enn placebo. Studien er den største randomiserte undersøkinga av behandlinga til no, og omfatta 450 pasientar ved fem norske sjukehus, inkludert Ålesund sjukehus.

Foto: Helse Møre og Romsdal
Studien er no publisert i det anerkjente medisinske tidsskriftet The Lancet. I studien har forskarar samanlikna pasientar som fekk avføring frå friske donorar med pasientar som fekk si eiga avføring tilbakeført som placebo. Behandlinga vart gitt éin gong som klyster, og verken deltakarar eller forskarar visste kven som fekk kva behandling. Totalt 450 deltakarar med moderat til alvorleg IBS var med i studien.
Placeboeffekt
Etter 90 dagar hadde 40 prosent i donorgruppa og 38 prosent i placebogruppa fått ei klinisk betring av symptoma. Forskjellen var ikkje statistisk signifikant.
Lege og førsteamanuensis Peter Holger Johnsen ved Universitetssykehuset Nord-Norge er ein av dei som har leia studien. Han seier til NRK at grunnen til at så mange i gruppene opplevde betring er placeboeffekten.
– Den kan vere spesielt sterk ved IBS fordi sjukdomen heng tett saman med samspelet mellom tarmen og hjernen. Det finst ei omfattande krysskopling mellom nervesystemet, tarmen og tarmfloraen, og påverknaden går truleg begge vegar. Dette er eit komplisert samspel som me framleis ikkje fullt ut forstår.
Studien viste også at tarmbakteriane frå donorane etablerte seg hos mottakarane, men utan at dette førte til målbar betring i symptom eller livskvalitet. Forskarane konkluderer derfor med at endring av tarmflora åleine truleg ikkje er nok for å behandle IBS.
Viktig med fleire studiar
Overlege i gastroenterologi i Helse Møre og Romsdal og professor, Dag Arne Lihaug Hoff, er ein av medforfattarane bak studien. Han understrekar at resultatet likevel er svært viktig:

REFIT2 er godt bygd opp for den aktuelle problemstillinga. Resultatet er negativt, eit resultat som frå behandlar- og pasientståstad ikkje er det optimale. Likevel kan eg som forskar nytte denne robuste informasjonen til å endre strategi når vi ser vidare på mikrobiomet og irritabel tarm-syndrom. Kva mekanismar ved mikrobiomet har effekt ved IBS, er eit viktig område å utforske. Berre slik kan vi kome nærare svaret på kvifor ein får eller ikkje får effekt, seier Hoff.
Tidlegare studiar har gitt usikre resultat, og det har vore behov for større og betre studiar. REFIT2 er den største.
Hoff peikar på at studien gir ny og viktig kunnskap som kan hjelpe forskarane med å forstå samanhengen mellom tarmflora og IBS betre, sjølv om behandlinga ikkje gav den ønska effekten.
Takk til pasientar og forskingsmiljø
Han ønskjer også å rette ein særskild takk til pasientane som deltok i studien.
– Eg vil takke alle pasientane som har teke del i studien. De hadde håp og ynskje om eit betre liv. Det vart ikkje slik denne gongen, men håpet skal de halde fast ved. De skal vite at de har teke del i banebrytande forsking, og at vi har teke viktige steg framover.
Hoff rosar også samarbeidet mellom forskingsmiljøa og helsepersonellet som gjennomførte studien.
– Stor takk til eit samla miljø av helsepersonell i Noreg for ei flott gjennomføring. Det er viktig at vi klarar å gjennomføre denne typen banebrytande studiar i fellesskap. Samarbeid gir framsteg.
Avføring frå donor gir håp i annan studie
REFIT2-resultata støttar ikkje bruk av avføringstransplantasjon som behandling for IBS slik behandlinga er utført i denne studien, men gir samstundes forskarane viktig kunnskap om kva veg som bør utforskast vidare innan forsking på tarmflora og modulering av symptoma ved irritabel tarmsyndrom.
Men avføring frå friske personar har likevel vist lovande resultat i ein anna studie som Ålesund sjukehus har deltatt i. I COLONIZe-studien har forskarar undersøkt effekten av tarmflorabehandling mot alvorleg diaré som følgje av tarminfeksjon med bakterien Clostridioides difficile. Funna der viser at avføring frå friske personar er like effektivt som antibiotika til å behandle alvorleg tarminfeksjon. Du kan lese meir om det her.
Vil du vite meir om forskings- og utdanningsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.