Kliniske studiar, forskingsnyheiter

Har du fått korona? Lyst til å vere med i ein viktig studie?

No startar rekrutteringa av koronapasientar til ein spanande nasjonal studie som Ålesund sjukehus tek del i. Studien er leia frå Haukeland universitetssjukehus, og skal undersøkje om behandling med medikament i akuttfasen kan redusere risikoen for seinfølger etter covid-19. Folkehelseinstituttet forventar fleire bølger av korona i framtida, og behovet for førebyggjande tiltak og behandling for long covid er aukande.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 09.09.2024
Sist oppdatert 11.09.2024
Bilde av en person som tar en koronatest
Om du akkurat har testa positivt for korona kan du delta i denne studien som Ålesund sjukehus tek del i. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug er lokal prosjektleiar for PANORAMIC Norway-studien. Saman med seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar, Dag Arne Lihaug hoff, vitja ho morgonsendinga til NRK Møre og Romsdal måndag 9. september. Der kom dei med ei klar oppmoding til folk som har testa positivt for korona om å delta. 

Som hjå dei andre luftvegsvirusa er førekomsten av covid-19 infeksjonar aukande no utover hausten. Er du koronasjuk og mellom 18 og 65 år kan du vere ein kandidat for deltaking i denne studien, seier Valderhaug. 

Studien skal inkludere personar som har symptom på akutt koronainfeksjon av under fem døgns varigheit, og som har testa positivt på hurtigtest eller PCR-test. Halvparten av pasientgruppa får behandling med Paxlovid, medan den andre får placebo. 

– Paxlovid er allereie i bruk i Norge hjå dei med risiko for å utvikle alvorleg sjukdom i akuttfasa, og me ønskjer å undersøke om det òg kan beskytte mot utvikling av long covid, forklarar Valderhaug. 

En person som smiler foran en glassdør
Konstituert forskingssjef og lokal leiar for studien, Vibeke Devold Valderhaug, oppmodar folk med korona til å melde seg til studien. Foto: Petter Bjørklund/HMR.

Deltakarane i studien vil deretter blir følgt opp tett dei fyrste fire vekjene, deretter ved tre månadar og seks månadar for å sjå om dei utvikler seinfølger etter covid-19. Det kan òg bli aktuelt med utvida oppfølging i opp til to år.

Kva er seinfølger etter covid-19?

Dei fleste blir friske att etter å ha vore sjuke med viruset. Men opp til 30% rapporterer om vedvarande plager. Det er ikkje bestemte kriterium for kva som reknast som seinfølger etter kroina, men desse er dei vanlegaste symptoma:

  • utmatting/trøyttheit 
  • nedsett evne til å tenke og konsentrere seg (såkalla «hjernetåke») 
  • nedsett hukommelse 
  • endra smak- og/eller luktesans 
  • tung pust 
  • hoste 
  • muskelsmerter 
  • svimmelheit 
  • angst og depresjon

Slike seinfølger kan mellom anna føre til problem med hukommelsen eller nedsett konsentrasjonsevne, både etter alvorleg og mild sjukdom. 

Valderhaug understreker kor viktig denne studien er for å auke kunnskapen om desse seinfølgene og kvifor dei oppstår. 

– Me veit altfor lite om long covid og dei underliggande mekanismane som kan føre til slike seinfølger. Me veit lite om kven som får det, kvifor akkurat dei får det, eller om tilgjengelege medikament som Paxlovid, som kan hemme formering av virus-partiklar i kroppen, kan hindre eller påverke utviklinga av det. Kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt, og dette må vere på plass om ein skal finne fram til gode førebyggande strategiar, effektive behandling- eller rehabiliteringsmetodar, seier ho. 

Vil du delta i studien? 

Meir om PANORAMIC

PANORAMIC er ein delstudie under KLINBEFORSK-studien ReCover (Rehabilitation of cognitive decline after Covid-19), som blei tildelt 20 millionar kroner i forskingsmidlar i fjor. 

ReCover skal sjå spesielt på korleis ​kognitive long covid-symptom utviklar seg. I tillegg skal forskarane undersøke korleis disse symptoma kjem til uttrykk gjennom fysiske endringar i hjernen. 

Valderhaug fortel at rekruttering til PANORAMIC vil òg legge til rette for vidare rekruttering  til delstudie 2, der 100 pasientar undersøkast med MR av hjernen, EEG og kognitiv utgreiing ved NTNU/St. Olavs hospital. Forskarane skal sjå etter forandringar i hjernen som samsvarer med seinfølgjer etter covid-19, og om behandling med Paxlovid kan hindre utviklinga av slike forandringar.