Kliniske studiar, forskingsnyheiter

Ålesund sjukehus med i nasjonal studie om plutseleg uforklarleg høyrselstap

Øyre-nase-halsavdelinga ved Ålesund sjukehus er no utprøvingssenter i den nasjonale multisenterstudien SuDHO (Sudden Deafness treated with Hyperbaric Oxygen). Studien undersøkjer om tilleggsbehandling i trykkammer kan gi betre høyrsel til pasientar som opplever plutselig nevrogent høyrselstap enn kva dagens standardbehandling gjev.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 29.08.2024
Sist oppdatert 03.09.2024
Bilde av en øreundersøkelse
Rekrutteringa til studien er no i gong for pasientar som opplever plutseleg uforklarleg høyrselstap. Foto: Casper Blindheim Kanestrøm/HMR

Plutseleg nevrogent høyrselstap er ein tilstand der høyrselen brått forsvinn på eitt øyre, og der legeundersøking eller røntgen ikkje kan påvise ein sikker årsak.  

LIS-lege Anker Stubberud ved ØHN-avdelinga leiar arbeidet frå Ålesund. Han fortel at det er mellom 300 og 1600 personar årleg som blir råka. Men kva som forårsakar tilstanden, er uvisst.

- Det kan vere mange årsakar, seier Stubberud. – Nokre av teoriane er virus på høyrselsnerven eller små blodkar som går tett.

Anbefalt standardbehandling er rask oppstart med stereoider i form av kortisontablettar.

Meir oksygen i blodet

Pasientane som blir med i studien blir tilfeldig fordelt i to grupper der den eine gruppa får standardbehandling, i 15 dagar, og den andre både standardbehandling pluss hyperbar oksygenbehandling i trykkammer (HBO). Studien tek sikte på å sjå om denne kombinasjonen gir betre høyrsel og mindre symptom enn standardbehandlinga åleine.

En mann som sitter i en stol
Anker Stubberud leiar prosjektarbeidet frå Ålesund sjukehus. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR.

 

- HBO føregjeng ved at pasienten pustar inn 100% oksygen i eit trykkammer ein gong dagleg i 15 dagar. Denne behandlinga bidreg til at blodet får veldig mykje oksygen, som igjen bringer meir oksygen til høyrselsorganet. Tanken er at dette kan bidra til at tilstanden lækjast raskare, forklarer Stubberud.

Han legg til at trykkammerbehandling er ein trygg metode som gir få komplikasjonar. Nokre pasientar kan likevel oppleve trykk i auga eller at dei blir meir trøtte i behandlingsperioden.

Kriterier for å delta

Alle pasientar som kjem til ØNH-avdelinga som oppfyller kriteria får tilbod om å vere med i studien. Rekrutteringsperioden byrja i mai. Dei som er mellom 18 og 80 år som har fått plutseleg nevrogent høyrselstap i løpet av dei siste sju dagar kan vere aktuelle. Per no er det rundt 80 pasientar i landet som har deltatt.

HBO blir gjennomført ved trykkammeranlegget ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Kostnadar for reise og opphald blir dekkja av Pasientreiser.

Kan du tenkte deg å delta? Då kan du ringe 70 10 50 00 og spørje etter vakthavande ØNH-lege.

Du kan òg lese utfyllande om studien her.