Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Tildeling til STAND Norge

Ei prosjektgruppe leia av Ann Christin Andersen i Helse Møre og Romsdal har fått tildelt midlar til å omsetje og tilpasse eit amerikansk behandlingsprogram for norske ungdommar med ADHD. Målet er å undersøkje om programmet kan bli eit nyttig verktøy i behandlinga ved BUP.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 24.10.2025
En kvinne som smiler til kameraet

Foto: Fotograf Ma

Prosjektleiar Ann Christin Andersen er glad for tildelinga.

STAND (Supporting Teenagers Autonomy Daily) er eit behandlingsprogram for ungdom med ADHD og reguleringsvanskar. Behandlinga fokuserer mellom anna på læring av ferdigheiter, motivasjon og samarbeid. STAND er utvikla og teken i bruk i USA, og har i fleire studiar vist seg nyttig for ungdom med ADHD. I STAND er det stort fokus på kva ungdom sjølv ønskjer å få til, og korleis dei kan oppnå dette. Dette skjer i samarbeid med terapeut og foreldre. 

Prosjektgruppa, som blir leia av Ann Christin Andersen, har no fått tildelt midlar frå det nasjonale forskingsnettverket for ADHD til arbeidet med å omsetje, tilpasse og prøve ut STAND for ungdom med ADHD i Noreg. Ann Christin Andersen er førsteamanuensis ved NTNU og seksjonsoverlege ved avdeling for psykisk helsevern for barn og unge (BUP) i Helse Møre og Romsdal. I prosjektgruppa deltek forskarar og klinikarar med lang erfaring og kunnskap om ADHD og reguleringsvanskar, samt ein representant frå brukarorganisasjonen ADHD Norge. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med utviklaren av STAND, professor Margaret Sibley. 

Les også: Presenterte prosjekt på verdskongress i Tjekkia

Målet er å gjennomføre ein pilotstudie med ungdom i BUP i løpet av 2026. Hovudmålet er å undersøkje om dette er eit behandlingsprogram som eignar seg for ungdom i Noreg, og kva tilpassingar ein eventuelt kan gjere for at det skal passe best mogleg. Prosjektgruppa er svært glade for moglegheita til å prøve ut dette programmet i Noreg, og håpar det vil resultere i eit tiltak som kan vere nyttig og tilgjengeleg for mange.  

- Denne tildelinga gjer det mogleg for oss å kjøpe rettigheiter frå forlaget i USA slik at vi kan omsetje programmet til norsk, og ikkje minst ressursane vi treng til å rekruttere og lære opp terapeutar som skal gjennomføre behandlinga. Dette er viktige føresetnader for å kunne gjennomføre pilotstudien, uttalar Andersen. 

Ho seier at prosjektgruppa skal ta fatt på omsetjinga og opplæringsmateriellet til vinteren og våren. Planen er å gjennomføre ein pilotstudie etter sommaren. 

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.