Forskingsnyheiter

Tildelingar frå Samarbeidsorganet: To søknadar frå HMR blant topp ti

- Vi gratulerer forskingsgruppeleiar Endre Grøvik og SFI sin eigen forskar og statistikar Tor Åge Myklebust så mykje med tilslag på søknad om doktorgradsstipend (ukjend kandidat) ved årets utlysing frå Samarbeidsorganet! Konkurransen om desse regionale forskingsmidla er hard, det var 101 søknadar i denne kategorien i år, og deira prosjekt er rangerte blant topp ti - eit solid kvalitetsstempel! slår kst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug fast.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 04.12.2024
Sist oppdatert 05.12.2024
Et par menn som smiler
Regionale forskingsmidlar til Endre Grøvik (t.v.) og Tor Åge Myklebust. Foto: Petter Bjørklund

Samarbeidsorganet mottok i år heile 233 søknadar for regionale forskingsmidlar frå Helse Midt-Norge. Tildelingsprosentane ligger på rundt 20-24% i alle kategoriar utanom utanlandsstipend kor 93% (14 av 15 søkarar) fekk tilslag. Søknadane vart vurdert av vitskapelege komitear, og resultata vart gjort offentleg 2. desember. Totalt 69,5 millionar kroner vert delt ut. Prosjekta skal ha oppstart i 2025.  

Frå Helse Møre og Romsdal var det i år totalt åtte søknadar, mot ti i 2023. 

Fokus på kreftforsking 

Både Grøvik og Myklebust sine prosjekt skal kome kreftpasientar til gode. Prosjektitlane er høvesvis «SynthiCare – Synthetic MRI for Improved Cancer Diagnosis and Treatment» og «Systemic anticancer treatment near end of life”. 

Grøvik fortel at tildelinga representerer ein milepæl i målet om å byggje ei forskingsgruppe i helseføretaket som hevdar seg på eit internasjonalt miljø. 

 – Dette gir oss moglegheita til å vidareutvikle banebrytande forsking på korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast til å forbetre diagnostikk og behandling av kreftpasientar. Tildelinga er òg ei anerkjenning av arbeidet vi gjer i forskingsgruppa AIMI (Artificial Intelligence in Medical Imaging), og viser at Samarbeidsorganet har tru på potensialet vårt, noko som gir ekstra motivasjon for vidare arbeid, seier Grøvik. 

- Vi ser fram til å rekruttere ein dyktig og engasjert ph.d.-student som ønskjer å vere med på utviklinga av framtidas kreftbehandling. Kandidaten vil få ein unik moglegheit til å arbeide i eit tverrfagleg forskingsmiljø, og samarbeide med verdsleiande ekspertar gjennom eit mogleg forskingsopphald ved Stanford University, legg han til. 

Myklebust seier han er glad for at også dei som primært jobbar med forskingsstøtte får høve til å bidra med å halde forskingsaktiviteten i HMR oppe. 

- Tildelinga gjer det mogleg å forske på ei gruppe kreftpasientar som kanskje ikkje får so stor merksemd elles. Her opplever eg at HMR skil seg ut i positiv forstand med fleire forskingsprosjekt på kreftpasientar i palliativ fase, og dette prosjektet kan forhåpentleg vis vere med å styrke denne profilen vidare. Eg synes også at det er viktig at vi gjennom dette prosjektet kan vise at registerbasert forsking både er gjennomførbart, nyttig, og kan bidra til ny og relevant kunnskap, og at vi kan utvikle eit robust og godt fagmiljø med slik forskingskompetanse i HMR. 

Les alt om tildelingane her.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!