Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking, disputasar 2023

Ungdom med ADHD: Oppfølgingsstudie av ein gruppebehandling basert på kognitiv atferdsterapi

Ann Christin Andersen disputerte for ph.d-graden i medisin og helsevitskap den 4. mai ved Fred Kavli-bygget i Trondheim.

Petter Bjørklund
Publisert 18.04.2023
Sist oppdatert 09.05.2023
En gruppe mennesker som smiler
DISPUTERTE: Disputasen til Ann Christin Andersen (i midten) vil føregå i auditoriet MTA i Fred Kavli-bygget ved NTNU Trondheim den 4. mai kl. 12:15 (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Overlege på BUP poliklinikk Volda​, Ann Christin Andersen disputerte for ph.d-graden i medisin og helsevitskap med avhandlinga "Ungdom med ADHD: Oppfølgingsstudie av ein gruppebehandling basert på kognitiv atferdsterapi"​

I prosjektet har Andersen mellom anna undersøkt effekt/utfall eit år etter gjennomført behandling, samt tilfredsheit og gjennomførbarheit av eit gruppeprogram basert på kognitiv atferdsterapi. Deltakarane i studien var ungdom frå 14 til 18-årsalderen som alle hadde fått diagnose ADHD i BUP og framleis opplevde funksjonsnedsettande symptom etter standard behandling inkludert minst 2 månadar med stabil medisinering.​

Prøveforelesing og disputas fann stad i auditoriet MTA i Fred Kavli-bygget ved NTNU Trondheim torsdag den 4. mai frå kl. 10:15. Du kan også følge disputasen digitalt gjennom denne lenka.​

Rettleiarar har vore Torunn Stene Nøvik, Per Hove Thomsen og Anne Mari Sund.

Program for disputas

Kl. 10:15: Prøveforelesing («Hva betyr motivasjon for behandling av psykiske vansker hos ungdommer?»)
Kl. 12:15: Presentasjon og forsvar av avhandlinga.​​

Samandrag av prosjektet

ADHD (Attention Deficit/Hyperactivity Disorder) kjenneteiknast ​av utfordringar med oppmerksemd, uro og impulskontroll av eit​ slikt omfang at det gir problem med å fungere på fleire område i livet. Ungdom med ADHD har ein høg​ risiko for å utvikle andre psykiske vanskar og opplev ofte utfordringar i forhold til både skule, fritid, vennar og familie. Tilrådd ​behandling for ADHD er opplæring/kunnskap, tilretteleggje​​​, og medisinar. Dette er for mange ikkje tilstrekkeleg for å oppnå normalisering av symptom eller funksjon. Kognitiv atferdsterapi (KAT) er ein tilrådd tilleggsbehandling, men vi har endå​ manglande kunnskap om KAT for ungdom med ADHD.

Deltakarane i denne studien var ungdom i alderen 14 til 18 år som alle hadde fått diagnose ADHD i BUP og framleis opplevde funksjonsnedsettande symptom etter standard behandling inkludert minst 2 månadar med stabil medisinering. Deltakarane vart ​​tilfeldig fordelt mellom ein kontrollgruppe og ei​n behandlingsgruppe som fekk KAT som gruppebehandling gjennom 12 vekentlege ​​tima​r. KAT-programmet bestod av 6 timar om kjernesymptom ADHD, 4 timar om samtidige vanskar, og 2 timar med fokus på førebuing ​til framtida. 

Vi samla inn data ved hjelp av spørj​​eskjema og klinisk vurdering ved inntak i studien og rett etter behandlingsperioden, og ved telefonintervju eitt år etter inntak. Vi fann at KAT-programmet var veldig godt likt og veleigna for gjennomføring i klinikken. Det var også godt oppmøte til gruppetimane og få som slutta undervegs. Vi fann​​ derimot ikkje at programmet gav betring i ADHD-symptom eller funksjon ved oppfølging etter eitt år samanlikna med kontrollgruppa. Mange av deltakarane i studien hadde også slutta med medisina​ne sine og hadde lite eller ingen oppfølging trass for at dei fortsatt hadde betydeleg grad av symptom. Resultata våre​ viser at desse ungdommane med ADHD som fortsatt har symptom etter behandling er ein samansett gruppe der mange har tilleggsvanskar. Mange har også betydelege utfordringa​r med eksekutive funksjonar, som viser seg mellom anna ​i evna til å få oversikt og organisere oppgåver, kome i gang, halde orden, og regulere oppmerksemd, kjensler og å​tferd. ​

Det er behov for å forbetre programmet gitt i denne studien. Moglegheit for individuell tilpassing og modular spesielt retta mot eksekutive funksjonsvanskar vil kunne gi betre effekt. Framtidige studiar bør også utforske om kombinasjon av individuelle timar og gruppetimar er hensiktsmessig. Meir vekt på gjennomføring av heimeoppgåver ​og involvering av foreldre og/eller lærarar vil sannsynlegvis vere ​​fornuftig. Når vi fortset arbeidet med å gi betre oppfølging for ungdom med ADHD bør vi også ta hensyn til utfordringar med sjølvinnsikt, motivasjon, og motstand mot behandling som vi ofte møter hos denne gruppa.​