Forsking, disputasar 2023

Utgreiing og oppfølging av barn med hofteleddsdysplasi

Øyvind Håberg disputerte for ph.d-graden i Medisin fredag 2. juni i Auditoriet ved Kristiansund sjukehus.

Petter Bjørklund
Publisert 23.05.2023
Sist oppdatert 05.06.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
DISPUTERTE: Prøveforelesinga og disputasen til Øyvind Håberg (sjette frå venstre) vil føregå i auditoriet ved Kristiansund sjukehus den 2. juni frå kl. 10:15 (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Øyvind Håberg disputerte for ph.d-graden i Medisin ved Fakultet for medisin og helsevitskap, NTNU med avhandlinga "Developmental dysplasia of the hip joints of children enrolled in a screening program with selective ultrasonic examination: Association with foot deformity, need of follow-up and the incidence of late detected DDH"

Prøveforelesing og disputas fann stad fredag ​​2. juni frå kl. 10:15 i auditoriet ved Kristiansund sjukehus.​

Kandidatens rettleiarar har vore førsteamanuensis Ketil Jarl Holen, førsteamanuensis Øystein Bjerkestrand Lian og professor Olav Andreas Foss, alle NTNU.

Følgjande komité bedømde arbeidet:
 
Professor Bjarne Møller-Madsen, Aarhus Universitet
Førsteamanuensis Trude Gundersen, Universitetet i Bergen
Førsteamanuensis Arne Seternes, NTNU.
 
Professor Jon Olav Drogset leia disputasen.

​​​Program for disputas

​Kl. 10:15: Prøveforelesing. (Tema: "Hofteleddsdysplasi hos skjelettmodne pasienter. Diagnose, behandling og oppfølging”)​
Kl. 12:15: Presentasjon og forsvar av avhandlinga​

​​Samandrag av prosjektet

Hofteleddsdysplasi (DDH), også kalla «umodne hofteledd» hos barn, er ein av dei vanlegaste medfødde barneortopediske lidingane. Utan behandling kan det medføre smerter og nedsett funksjon i hofteleddet og fleire store operasjonar. Heldigvis blir dei aller fleste barna diagnostisert og behandla tidleg, noko som reduserer risikoen for seinare problem og behov for hofte-protese i ung alder. Dei fleste diagnostisert kort tid etter fødsel får ein behandling med ortose i 3-4 månadar for så å oppnå eit normalt hofteledd for ettertida.
 
Ved St. Olavs hospital blir det praktisert ein selektiv ultralydundersøking av nyfødde for å tidleg kunne diagnostisere barn med DDH. Barn som blir undersøkt er dei som har klinisk mistanke om hofteleddsdysplasi eller kjente risikofakter. Risikofaktorar som føre​r til ein ultralydundersøking er DDH i nær familie, seteleie og medfødde fotfeil. Sjølv om det ligg føre normale funn ved 1 år hos dei som har blitt behandla for DDH, har alle ein vidare oppfølging til 5 års alder.
 
Målet med denne PhD-tesen er å undersøke om behandlinga som praktiserast ved St. Olavs hospital er riktig og trygg. Dette med fokus på om det blir brukt riktige risikofaktorar i screeningen, og oppfølgingstiden av dei som har blitt adekvat behandla​. Screeningen i sin heilskap ​skal vurderast opp mot incidensen av seinoppdaga DDH.
For å undersøke dette delte eg spørsmåla opp i 3 artiklar. Oppsummert så viste studiane at medfødde fotfeil bør betraktast som ein​ risikofaktor for DDH og dei barna bør undersøkast med ultralyd av hofteledda. Det var nokre ​av barna som hadde normale røntgenfunn ved 1 år som likevel blei operert for DDH når dei var eldre enn 5 år. Eg finn det derfor ikkje trygt å avslutte oppfølging av behandla barn ved 1 år. I den siste studien fann eg ein insidens på 0,48/1000 fødde barn som blei diagnostisert med seinoppdaga DDH. Sett i samanheng med andre studiar meiner eg det blir praktisert ein trygg utreiing og oppfølging av barn med DDH ved St. Olavs hospital.
 
Dataene brukt i studiane er henta frå Lokalt Kvalitetsregister for Barn med Hofteleddsdysplasi ved St. Olavs hospital. Sidan 1996 har over 500 barn kvart år blitt undersøkt med ultralyd for å diagnostisere mogleg hofteleddsdysplasi. Ved St. Olavs hospital blir det fødd ca 3500 barn pr år, og litt under 1% av dei blir hahandlet for DDH. På dei 3 studiane har vi brukt forskjellige undersøkingsmetodar, deskriptiv statistikk frå registeret, nye undersøkingar av røntgenbilete og spørjeskjema.​