Forskingsnyheiter, prosjektstøtte
Utlysing av forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet til 2026
Kvar år lyser Helse Midt-Norge RHF og Samarbeidsorganet ut midlar til regionale forskingsprosjekt. Årets utlysing er no klar.
Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 08.04.2025

Det lysast ut forskingsmidlar innanfor følgjande søknadskategoriar:
- Doktorgradsstipend
- Postdoktorstipend
- Forskarstipend
- Prosjektmidlar
Søknadsfrist er 2. juni 2025 kl. 15.00.
Viktige endringar i årets utlysing
Det er no eit krav at alle søknadar skal leverast på engelsk.
Nytt av året er også at søkar skal kunne dokumentere kompetanse i behandling av personopplysingar i helseforsking.
Søkarar med prosjekt som har eit klart innovasjonsretta fokus skal i år søke i ordinær stipendkategori.
Informasjonsmøte
Det er høve for potensielle søkarar å delta på informasjonsmøte.
Tidspunkt for møta er:
24. april kl. 13.00-14.00
28. april kl. 10.00-11.00
30. april kl. 12.00-13.00