FORSKINGSNYHEITER, PROSJEKTSTØTTE
Utlysing av regionale forskingsmidlar til prosjekt i 2025
Kvart år lyser Helse Midt-Noreg og Samarbeidsorganet ut midlar til regionale forskingsprosjekt innan medisin og helse. Årets utlysing er no tilgjengelig på nettsidene deira.
I utlysinga som publiserast no i 2024 vil du sjå endringar i søknadskategoriane doktorgradsstipend, postdoktorstipend og forskarstipend. Til forskjell frå tidlegare utlysingar er det no kun hovudrettleiar som kan stå som søkar i kategorien doktorgradsstipend. Endringa likestiller dei tidlegare kategoriane kjent kandidat og ukjent kandidat.
I kategorien postdoktorstipend opnast det for at ein prosjektleiar kan søkje om ukjent postdoktorkandidat. Ved godkjent søknad blir det sett krav om at stillinga som hovudregel skal lysast ut eksternt.
For kvar stilling blir det løyva middel som skal dekke lønn, sosiale kostnadar, indirekte kostnadar og driftsmiddel. For søkarar i kategorien forskarstipend gis det frå i år eit påslag på 20% på stipendsatsen for å dekke dei kostnadane som følger eit forskarstipend.
Søknadskategoriane
Det lysast ut forskingsmidlar innan følgande kategoriar:
- Stillingsstipend: doktorgradsstipend, postdoktorstipend, forskarstipend og innovasjonsretta stillingsstipend i nemnte kategoriar
- Prosjektmiddel
- Utanlandsopphald
Søknadsfrist er 3. juni kl. 15.00
Informasjonsmøter
I forbindelse med utlysinga av regionale forskingsmiddel arrangerast det digitale informasjonsmøter som alle potensielle søkarar blir oppmoda til å delta på
- 24. april kl. 12.00-13.00: Klikk her for å bli med i møtet
- 29. april kl. 10.00-11.00: Klikk her for å bli med i møtet
- 2. mai kl. 10.00-11.00: Klikk her for å bli med i møtet