Doktorgrad
Utvendig vannhode hos spedbarn
Sverre Morten Zahl, ØNH spesialist og overlege ved avdeling for kirurgi Ålesund, disputerte fredag 25. november for dr.philos. graden ved Universitetet i Bergen. Zahl har forska på ekstern hydrocefalus hos spedbarn.
Utvendig vannhode hos spedbarn
Ekstern hydrocefalus («utvendig vannhode») rammar ifølgje denne studien 0,4 per tusen fødte barn, hovudsakleg gutar (over 80 %). Tilstanden kjenneteiknes ved ein raskt aukande storleik på hovudet og blir vanlegvis oppdaga rundt tre månadars alder ved at rutinemålingane på helsestasjonen avslører ei unormal stor auking av omkrins rundt hovudet. Ulike bildeundersøkingar (CT, MR og ultralyd) viser ein væskebrem på overflata av hjernen.
Barn med denne tilstanden kan være motorisk forsinka, men sidan det som oftast er forbigåande har ekstern hydrocefalus tradisjonelt blitt rekna som godarta. Langtidsoppfølginga gjort i denne studien (ved 8-18 års alder) viser at dei fleste barn/ungdom klarar seg godt, uavhengig av om dei er kirurgisk behandla eller ikkje. Imidlertid skårar dei litt dårlegare på enkelte nevropsykologiske testar, og nokon av studiens funn tyder på auka skolevanskar.
Om disputasen