Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, radiologi

Utviklar kunstig intelligens som skal forbetre diagnostisering av brystkreft

- Vi har stor tru på at denne forskinga vil kunne betre helsetilbodet til mange av pasientane i regionen vår, fortel forskar og prosjektleiar Endre Grøvik og doktorgradsstipendiat Sam Narimani.

Petter Bjørklund
Publisert 22.06.2023
Sist oppdatert 30.06.2023
To menn som står sammen
Forskar og medisinsk fysikar Endre Grøvik (t.v.) leiar IMAGINE-prosjektet. Her i lag med doktorgradsstipendiat Sam Naramani (t.h.) (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Dei siste åra har kunstig intelligens (KI) gjort store framsteg iinnan helsevesenet og vist seg eigna innan radiologifeltet. Til dømes viser ein studie med radiologar frå Ålesund sjukehus, St. Olavs hospital, USA og Sverige korleis ​KI kan vere eit godt verktøy både for å identifisere pasientar med høg risiko for brystkreft og normale undersøkingar som ikkje treng å vurderast av radiologar.​

Ved Ålesund sjukehus arbeider ei forskingsgruppe med å forske fram nye og avanserte KI-metodar som skal forbetre diagnostisering av denne kreftformen. Gruppa fekk tre millionar kroner i støtte frå Helse Midt-Norge i november 2021 til å finansiere dette såkalla "IMAGINE"-prosjektet.​

- Vi har stor tru på at denne forskinga vil kunne betre helsetilbodet til mange av pasientane i regionen vår, fortel medisinsk fysikar og prosjektleiar Endre Grøvik og doktorgradsstipendiat Sam Narimani.​​

Stor nytte for pasientar med brystkreft

Både Grøvik og Narimani har brei erfaring med KI-basert teknologi, og fortel at eit overordna mål med IMAGINE-prosjektet er å utvikle og trene opp KI-modellar som kan automatisk finne brystkreft på MR-bilete med høg nøyaktigheit.​​

- KI-modellane som utviklast vil kunne mogleggjere ein objektiv og omfattande analyse av MR-data i sanntid. Dette vil vere til stor nytte for pasientar med brystkreft ved at legar kan oppnå høgare nøyaktigheit i vurderingane dei gjer, seier Grøvik.

Det finnast fleire forskjellige typar brystkreftsvulstar, og i prosjektet skal forskarane også sjå på om KI kan nyttast til å seie noko om kva type kreftsvulst det er, til dømes om den er god- eller ondarta eller kor aggressiv den er.​​

KI

Biletet viser korleis ein KI-algoritme analyserer og identifiserer ein brystkreftsvulst på eit MR-bilete. - KI-modellane som utviklast vil kunne mogleggjere ein objektiv og omfattande analyse av MR-data i sanntid, fortel Grøvik (Foto: IMAGINE)

For å utvikle slike KI-modellar tar dei i bruk MR-bilete av cirka 250 brystkreftpasientar frå Akershus universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus. Bileta dannar ifølgje Grøvik eit unikt sett med data som dei kan fóre KI-modellen for å gjere den betre rusta til å finne brystkreft på slike bilete.​

- Viss vi klarar å bruke informasjonen som ligg i desse dataene, og med hjelp av KI, til å finne ut kva type brystkreftsvulst det er, så vil dette vere eit nyttig verktøy som radiologar kan nytte seg av og som, ikkje minst, vil kome pasientane til gode.

Ein viktig føresetnad for å ta i bruk KI-basert teknologi i pasientbehandlinga er at slike modellar må kunne handtere MR-data som mellom anna kjem frå forskjellige sjukehus eller MR-maskinar med ulik magnetfeltsstyrke.

Med dette ønskjer dei å utvikle såkalla "generelle modellar" som kan identifisere og diagnostisere brystkreft. Med andre ord vil forskarane sjå på om dei kan utvikle KI-modellar som ikkje er avhengige av at MR-bileta er tatt på ein spesiell måte for at dei skal kunne finne brystkreft.

- Mange KI-modellar er trent opp med data som er henta frå til dømes same MR-maskin, og dermed er det ikkje sikkert at desse fungerar på bilete som er tatt med ein anna maskin eller på eit anna sjukehus.​ ​​Eit viktig mål er å trene desse opp til å vere så generelle som mogleg.​​​

Avlastar legane for tidkrevjande arbeid​​
Grøvik fortel at dagens legar er gode til å diagnostisere brystkreft frå MR-bilete, og at dette er avgjerande for å oppnå nøyaktige KI-modellar da det i praksis er legane som lærer desse opp.

Grøvik Naramani

Narimani og Grøvik seier dei har stor tru på at forskinga vil kunne betre helsetilbodet til mange av pasientane i regionen (Foto: Petter Bjørklund/HMR)​​

​Likevel er det tid- og ressurskrevjande å sjå gjennom slike bilete, og mange sjukehus opplever stor produksjonsauking av MR-bilete utan tilsvarande auking i radiologisk arbeidsstyrke. ​Å trene opp KI-basert teknologi til å finne brystkreft vil kunne spare legane for mykje tidkrevjande arbeid, noko som vil vere til gunst for pasientane.

- KI-verktøya som skal utviklast kan hjelpe legane å halde tritt med auka arbeidsmengde. Betra effektivitet vil òg​ kunne vere til fordel for pasientane i form av raskare kliniske forløp og tidligare diagnose, då det å oppdage sjukdommen så tidleg som mogleg dannar grunnlaget for å få best effekt av behandlingsforløpet.​​

​Ifølgje Grøvik markerar IMAGINE og andre tilsvarande prosjekt eit skifte kor bruk av KI blir eit satsingsområde i Helse Møre og Romsdal og ein viktig del av framtidas radiologi. Samla sett kan prosjektet bidra til å skape ny og betre kunnskap om korleis legar kan nytte seg av KI-basert teknologi i det kliniske arbeidet og for å forbetre diagnostisering av brystkreft.

- Det kan også vere eit steg i vegen mot presisjonsmedisin og persontilpassa behandlingsforløp som vil spele ein mykje større rolle i framtida.​ Dette er berre byrjinga på KI-satsinga vår.​

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​