Forskingsnyheiter
Valt inn i styret til Kreftforeningen: - Ei stor ære
Onkolog og forskar Jo-Åsmund Lund ved Ålesund sjukehus er valt inn i styret til Kreftforeningen, ei oppgåve som han gler seg til å ta fatt på.

Kreftforeningen er ein av Noregs største pasientorganisasjonar, og spelar ei sentral rolle i arbeidet med kreftførebygging, forsking og pasientstøtte.
Jo-Åsmund Lund kallar det ei stor ære å bli valt inn som styremedlem.
– Eg vil prøve å fokusere på alle delar av kreftpasientar sitt forløp – frå utgreiing til livet som kreftoverlevar, i tillegg til å bidra til frivilligheita i kreftomsorga. Dessutan håper eg å kunne representere Helse Møre og Romsdal og NTNU på ein god måte inn i styrearbeidet.
– Ei tillitserklæring

Siri Beate Talseth-Frilund, klinikksjef, Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, seier ho er skikkelig stolt av Lund, og at dette er stort både for Helse Møre og Romsdal og klinikken.
– Å bli valt inn i styret er ei stor tillitserklæring. Å få inn eit styremedlem frå helseføretaket i Kreftforeningen har fleire viktige betydingar – både strategisk, fagleg og symbolsk. Det viser at Helse Møre og Romsdal har fagpersonar med høg tillit og kompetanse. Det kan bidra til auka synlegheit og anerkjenning både regionalt og nasjonalt.
Vidare seier ho at Lund har jobba innan kreftomsorga i mange år, og at dette gir han ei moglegheit til å påverke på eit nasjonalt nivå – til det beste for pasientane og pårørande.
Styrkar det faglege samarbeidet
Talseth-Frilund seier at styrevervet vil gi innsikt i nasjonale trendar, forsking og pasientbehov.
– Dette kan brukast til å styrke det faglege samarbeidet i Helse Møre og Romsdal, og bidra til innovasjon og kvalitetsforbetring i kreftomsorga lokalt. At Jo-Åsmund er valt inn i styret gir oss ei unik moglegheit til å løfte fram perspektiva frå vår region i det nasjonale samarbeidet. Det kan bidra til betre samhandling, meir synlegheit og styrka kompetanseutveksling mellom frivillig sektor og helsetenesta i Møre og Romsdal.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!