Forskingsnyheiter

Vann pris for beste ortopediske føredrag

Ortoped og stipendiat Jørgen Garberg Andvig ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal stakk av med prisen for beste frie føredrag under Norsk ortopedisk forening sitt haustmøte i oktober. Premien var på 10 000 kr.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 03.11.2025
Sist oppdatert 05.11.2025
En mann som har en diplom
Jørgen Garberg Andvig held opp prisen han fekk for beste føredrag. (Foto: privat)

Føredraget til Andvig tok utgangspunkt i ein artikkel om utviklinga i brot blant eldre nordmenn.

Artikkelen vart publisert i Acta Orthopeadica tidlegare i år.

– I artikkelen har eg og medforfattarane mine henta ut tal frå Norsk pasientregister og valt ut alle pasientar 65 år og eldre som hadde brot i dei store knoklane utanom hovud, hender og føter i perioden 2010–2021, forklarar Andvig.

Meir presis metode

 – Metoden går ut på å velje dei som har brotdiagnose, men også å ta nokon grep for å unngå å telle dei fleire gonger. Dermed kunne vi gi ganske presise anslag på insidensrater (antal brot per person i risikogruppa per år) og absolutte antal brot per år over ein ganske lang periode.

Funna viser at insidensratane held seg relativt stabile, men at bildet er meir samansett enn tidlegare antatt.

– Tala for hoftebrot går tydeleg nedover, men talet på brot totalt aukar betydeleg. Andre brot enn hoftebrot har ein relativ auke både i insidens og antal, seier han.

Auke i brot i åra framover

Ved å justere for kjønn og alder og bruke SSB sine befolkningsframskrivingar, anslår forskarane ein dramatisk auke i talet på brot fram mot 2041.

– Vi bereknar ein auke på rundt 64 prosent, noko som tilsvarer over 17 000 fleire brot per år, understrekar Andvig.

Dette har stor betydning for helsevesenet.

–  Tidlegare har ein ofte brukt tal for hoftebrot, for eksempel frå Nasjonalt hoftebruddregister, som ein indikator på korleis den generelle utviklinga i brotepidemiologien ser ut. Våre funn viser at dette ikkje gir det heile bildet. Auken i talet på brot blir i stor grad driven av dei andre (ikkje hofte-) brota, og den demografiske utviklinga med stadig fleire eldre i befolkninga slår kraftig inn. Det gir ein betydeleg vekst i talet på brotpasientar som må behandlast på sjukehusavdelingar over heile landet, forklarar Andvig.

–  Ei stor ære

Å vinne prisen seier Andvig var ei stor anerkjenning.

– Det var hyggeleg å bli nominert av foreininga for osteoporose og benhelse. Det gjorde at eg kunne halde føredraget for eit enda større publikum i plenumssesjonen i den store salen på Oslo Plaza på avslutningsdagen. Då kunne bodskapen spreiast til endå fleire god kollegaer og samarbeidspartnarar i heile landet, som kanskje ikkje hadde høyrt om forskinga vår frå før. At fleirtalet meinte føredraget var det beste, tek eg som ei stor ære – både for arbeidet og formidlinga, seier Andvig, og rettar ein stor takk til rettleiarar, medforfattarar og Samarbeidsorganet Helse Midt og Helse Møre og Romsdal for finansiering.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.