Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, kardiologi

Vann pris under verdskongress for hjartesjukdommar

- Motiverande at arbeidet blir sett på som interessant av kollegaer med vitskapelig og fagleg tyngde, fortel overlege og ph.d-stipendiat Kristian Sørensen.

Petter Bjørklund
Publisert 30.10.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Overlege og ph.d-kandidat Kristian Sørensen (første frå høgre) (Foto: Privat)

Seks​jon for forsking og innovasjon gratulerer så mykje til Kristian Sørensen som vann pris for beste presentasjon og abstrakt innan ekkokardiografi under The 8th World Congress of Pediatric Cardiology and Cardiac Surgery i Washington D.C.! 

- Eg er veldig glad og stolt. Det er motiverande at metoden og arbeidet vårt blir sett på som interessant av kollegaer med vitskapelig og faglig tyngde, fortel Sørensen.

Sørensen er overlege ved Barneavdelinga i Ålesund og spesialist i neonatologi og barnekardiologi. For tida held han på med ei doktorgrad ved Institutt for sirkulasjon og biletdiagnostikk ved NTNU.

Kongressen føregjekk frå 27. august til 1. september og er ein av dei største i verda innan kardiologifeltet. I konkurransen kjempa Sørensen og vann mot heile 152 andre presentørar frå heile verda innan forskingsfeltet.​​

Studien han presenterte og vann pris for har tittelen « Assessment of Diastolic Suction by Blood Speckle Tracking; Invasive Validation and Clinical Application».

Undersøker hjartefunksjon med ny ultralyd-basert metode

Metoden Sørensen referer til er ein ny NTNU-utvikla ultralydteknologi basert på planbølger. Med denne teknologien kan hjartet avbildast med ein biletrate på fleire tusen bilete per sekund.

Slik kan forskarane følgje blodets ultralyd-partikkelmønster frå bilete til bilete: ein metode kalla Blood Speckle Tracking (BST). Metoden gjer at ein kan visualisere komplekse blodstraumsmønstre i hjartet og bereikne blodstraumens retning og hastigheit i to ulike dimensjonar.

- Konvensjonell ultralyd tillet kun visuell framstilling av blodstraumen og estimering av blodets hastigheit i èin dimensjon, parallelt med ultralydstrålen. Eit analyseprogram utvikla av Ultralydgruppa ved NTNU kan, basert på BST-metoden, berekne nye og unike mål på hjartets funksjon.

En mann som står på en scene
Sørensen presenterer resultat frå studien under kongressen (Foto: Privat)

I prosjektet bruker Sørensen "Blood Speckle Tracking" til å kartlegge trykkforskjellen i venstre hjartekammer (intraventrikulær trykkforskjell/IVPD) i hjartets tidlige fyllingsfase (tidleg diastole). 

- Slik kan vi undersøke i kva grad BST gir nøyaktige målingar for IVPD, om metoden er anvendeleg på friske barn og barn med hjartesjukdommar, og om den kan gi klinisk nyttig informasjon om hjartets fyllingsfunksjon, fortel Sørensen.

Lovande resultat

I den presenterte studien samanlikna Sørensen og medforfattarar mellom anna IVPD frå BST mellom ei gruppe barn med friske hjarte og barn med eitkammer-hjarte. Resultat viser at barn med friske hjarte hadde høgare IVPD enn barn med denne hjartesjukdommen.

– Vi undersøkte òg om ultralyden gir pålitelige estimat for intraventrikulære trykkforskjellar ved å samanlikne IVPD frå BST med samtidig målte invasive trykk i ein dyremodell. Forsøka viste svært godt samsvar mellom IVPD beregnet med BST og invasivt målt IVPD.

Med andre ord er resultata lovande med tanke på metodens nøyaktigheit, evne til å karakterisere hjartets diastoliske funksjon, og potensiell klinisk nytteverdi.

- Vi håpar at arbeidet på sikt kan bidra til betre diagnostikk, oppfølging og behandling av pasientar med hjartesjukdommar i alle aldrar, fortel Sørensen.

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​