Vi søkjer gravide til ernæringsstudie
Gravide og ammande kvinner har auka behov for ulike vitamin og mineral som speler ei viktig rolle i utviklinga av fosteret og morkaka, og for etablering av amming. Enkelte typar kirurgi, inkludert vektreduserande kirurgi, aukar risikoen for mangel på viktige næringsstoff.

Vi ønskjer å kartleggje korleis nivåa av desse næringsstoffa endrar seg gjennom svangerskapet. Difor søkjer vi gravide kontrollpersonar med BMI over 25 som ikkje har gjennomgått fedmekirurgi, og alle gravide som har gjennomgått vektreduserande kirurgi. Studien heiter MOBS (Mother and Offsprings’ Nutritional Status in Pregnancy after Maternal Bariatric Surgery).
Studien og undersøkingane vil gå føre seg ved alle sjukehusa i Helse Midt-Noreg.
Vi ønskjer å inkludere deg i studien før svangerskapsveke 19, så ta kontakt så snart som mogleg via lenka nedanfor.
Klikk her for meir informasjon
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.