Forskingsnyheiter
Ny forsking: - Viktig å forstå emosjonell utvikling hos personar med utviklingshemming
Emosjonelt utviklingsnivå er eit sentralt aspekt ved psykisk helse hos personar med utviklingshemming, og kan variere frå individ til individ. Forfattarane av en nyleg publisert artikkel argumenterer for at vurdering av emosjonell utvikling bør inngå i kliniske vurderingar og behandlingsplanar.

Psykologspesialistane Ragnhild Troøien Leirvoll og Ingrid Olsen Høye ved poliklinikken for rusbehandling i Molde er fyrsteforfattarane av artikkelen, som kan lesast i Tidsskrift for Norsk Psykologforening.
Artikkelen undersøker korleis emosjonell utvikling hos personar med utviklingshemming kan forståast og vurderast, og korleis dette påverkar psykisk helse og behandlingstilnærmingar. Desse pasientane er ofte beskrive med høgt lidingstrykk, og sakane i vaksenhabiliteringstenesta er komplekse.
Leirvoll og Høye har, saman med Trine Lise Bakken frå Oslo universitetssykehus, sett på kva emosjonelt utviklingsnivå kan bety for å diagnostisere og behandle psykiske lidingar og åtferdsvanskar.
– Føremålet med artikkelen var å samle kunnskap om eit lite utforska område og identifisere kunnskapshol, fortel dei.
Betyding for klinisk praksis
Forskarane fann ein samvariasjon mellom ulike fasar av emosjonelt utviklingsnivå og åtferdsuttrykk. Diskrepans mellom kognisjon og emosjonelt utviklingsnivå viste klinisk relevans for alvorlegheitsgrad av åtferdsforstyrring. Enkelte psykiske lidingar krev meir modning i overordna sosiale nettverk i hjernen.
– Forståinga gjer det mogleg å skilje betre diagnostisk mellom normalåtferd, åtferdsvanskar og psykisk liding. Forsking indikerer at enkelte diagnosar berre kan setjast i bestemte fasar av emosjonelt utviklingsnivå. Det emosjonelle utviklingsnivået kan ha betyding for val av behandlingsmetode, seier Leirvoll og Høye.

Manglande samsvar
Vidare fortel dei at personar med utviklingshemming kan ha eit emosjonelt utviklingsnivå som er lågare enn det kognitive nivået deira. Dette kan føre til misforståingar i vurdering og behandling.
Eit eksempel som er trekt fram i artikkelen er dette: Ein 30 år gammal mann har lett utviklingshemming, med ei kognitiv referansealder på 9–12 år. Emosjonelt er han på nivå med barn i alderen 1,5–3 år, der trygg tilknyting og utforsking av eigen vilje står sentralt. Han har begynnande evne til å regulere kjensler, men er framleis prega av egosentrisme og sterk vilje. Moralsk tenking er ikkje utvikla, og han kan difor ikkje forventast å handle etter eit eige moralsk kompass. Krav basert på biologisk eller kognitiv alder kan føre til feiljustert samhandling.
Nytt kartleggingsverktøy
– I dagens kliniske praksis vert det emosjonelle utviklingsnivået i liten grad teke høgde for. Det kan føre til tiltak som ikkje er tilpassa individet sine faktiske behov. Kartleggingsskjemaet SEED-2 er relativt nytt i norsk kontekst, og det manglar brei implementering og opplæring i bruken av dette. Det er behov for meir forsking på samanhengen mellom emosjonelt utviklingsnivå og førekomst av
psykiske lidingar og åtferdsvanskar hos personar med utviklingshemming. I tillegg til kva betyding ei slik forståing har for diagnostisering og behandling.
Skala for emosjonell utvikling (SEED-2)
SEED-2 er et verktøy for kartlegging av emosjonelt utviklingsnivå for personer med intelektuell funksjonsnedsettelse (IF).
SEED-2 kan brukes i institusjoner for personer med IF og i psykisk helsevern eller i forbindelse med terapi- og utviklingsplanlegging for mennesker med IF. Det er et nyttig verktøy for å forstå atferdsforstyrrelser, og det kan være en støtte i utredning av autismespekterforstyrrelser.
Kartelgging med SEED- 2 gjennomføres som et semistrukturert intervju med informanter som kjenner personen som skal vurderes godt.
Referanse: Sappok, T., Zepperitz, S., Morrisse, F., Barret, F. B. & Dosen, A. (2023). SEED-2. Skala for evaluering av emosjonell utvikling- 2. Högrefe
Såkornmidlar kom godt med
Psykologspesialistane seier at såkornmidlar var avgjerande for arbeidet med artikkelen.
– Dei gav oss moglegheit til å arrangere fleire skriveseminar og kjøpe inn relevant litteratur. Skriveseminara gav oss høve til å reise bort. Dei brukte vi både til å planlegge, skrive og ferdigstille artikkelen. Det skapte eit rom for konsentrert skrivearbeid utan forstyrringar, med faste økter og mål. I tillegg fekk vi tid til diskusjon, idéutveksling og refleksjon.
Verdifullt samarbeid
Artikkelen byggjer på ein sonderande oversikt (scoping review). Det vil seie at forfattarane søkte etter empiriske artiklar, oversiktsartiklar og ikkje-fagfellevurderte arbeid som bokkapittel.
I den anledning vil dei gjerne gi ein honnør til Høgskolen i Molde, ved spesialbibliotekar Trond Are Johnsen.
– Han hjelpte oss med å gjennomføre systematiske søk. Dette fordi HiM har tilgang til dei databasane vi hadde behov for. Vi er takksame for samarbeidet med HiM.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.