Vil unngå reoperasjonar ved innsetting av hofteprotese
Forskingsfelt: Sevaldsen vil finne ut om en ny teknikk gjer det mogleg å unngå reoperasjonar ved innsetting av hofteprotese.
Foto: Arild Myhre, Tidens Krav
Namn: Kirsti Sevaldsen
Fødd: 1970
Arbeidsstad: Kristiansund sjukehus
Stilling/akademisk grad: overlege, universitetslektor (NTNU)
Forskingsfelt: Sevaldsen vil finne ut om en ny teknikk gjer det mogleg å unngå reoperasjonar ved innsetting av hofteprotese
Ny sementeringsteknikk
Kirurgane ved Kristiansund sjukehus driv mykje med revisjon av hofteprotser. Det var slik Sevaldsen fekk interesse for å prøve å finne ein metode for å unngå aseptisk løysing i større grad, dvs ei ikkje bakteriell løysing. Ei hofteprotese har ei varigheit på cirka 10-15 år. Mange av pasientane som får innsatt hofteprotese opplever at den løsner tidlegare på grunn av slitasje. Dette er både ubehagelig for pasienten og har store samfunnsøkonomiske kostnadar. Ved hjelp av ein ny sementeringsteknikk vil Kirsti Sevaldsen finne ut om protesa kan få lenger levetid.
Vil bevise at ny teknikk utgjer ein forskjell
Det er 50 hofteprotesepasientar som deltar i studia til Sevaldsen. Desse pasientene vert delt i to grupper. Eit dataprogram avgjer kva semeteringsteknikk som skal nyttast på den einskilde pasient. Den eine gruppa får sementert inn den såkalla femurstamma med «vanleg» sementering med 2–4 mm sement rundt stammen, medan den andre gruppa får «ny» sementeringsteknikk med svært lite sement omkring. Pasientane vert følgd opp i to år og det vert nytta spesielle analyser til å måle rotasjon og innsynking i løpet av to år. Studien vert komplettert med ein lab-studie kor femurkomponentane vert støypt inn på same måte. Trykk i sementen vert målt og sementmantelen blir analysert. Hypotesa er at det ikkje er forskjell i beveginga inne i sementen mellom dei to gruppene. Dersom studiet kan forkaste denne hypotesa kan ein påvise at det faktisk er forskjell. Sevaldsen planlegg artiklar for publisering i 2018, med disputas i 2019.