Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Viste fram doktorgradsprosjekta sine under årets ph.d-samling i Eresfjord

- Det er mykje spanande forsking men ikkje alt man nødvendigvis veit om eller har oversikt over. Å kunne møtast og diskutere med kvarandre har vore veldig fint og nyttig, fortel doktorgradsstipendiat og psykolog Thorstein Olsen Eide.

Petter Bjørklund
Publisert 07.06.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Doktorgradsstipendiatar og andre interne og eksterne deltakarar ved Fred Kavli kunnskapssenter i Eresfjord (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

31. mai til 1. juni vart det arrangert og halde ei ph.d-samling ved Fred Kavli kunnskapssenter i Eresfjord. Lokalet er beskrive som eit samlingssted for å stimulere og pleie nysgjerrigheit, innovasjon og ideer, og støtte forskarar og deira arbeid gjennom ulike programtilbod.

Under samlinga presenterte og diskuterte doktorgradsstipendiatar ved HMR forskingsprosjekta sine, samstundes som interne og eksterne føredragshaldarar halde innlegg og diskusjonar om ulike tema innafor forsking.

Forskingsrådgjevar og forskar i Seksjon for forsking og innovasjon, Tone Seim Fuglset seier at eit av måla med samlinga har vore å skape ein møteplass kor stipendiatane kan veksle tankar og erfaringar rundt forsking og deira rolle som forskarar.​​

- Det er ofte man som stipendiat kan føle at ein sitt litt aleine. Vi tenker det å møte andre som er i same situasjon og for å snakke om forsking kan bidra til å skape større tilhøyrsle​.

123123
 
​Stipendiatane og andre deltakarar prata og diskuterte mellom kvarandre under samlinga (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Ulike typar doktorgradsprosjekt

To av stipendiatane som deltok i samlinga og presenterte prosjekta sine var psykolog ved Molde DPS, Thorstein Olsen Eide og overlege ved øyre-nase-hals-avdelinga i Molde, Ingrid Torvik Heian.​

Eide forskar på langtidseffekt av såkalla "firedagarsbehandling" for panikklidingar og behandlingseffekten når den skal nyttast ved andre eller nye klinikker. Prosjektet til Heian undersøker mellom anna korleis luktetrening kan påverke luktesans og føre til endringar i hjernen hos den vaksne befolkninga i Noreg.​

MÆÆÆ

Thorstein Olsen Eide og Ingrid Torvik Heian var to av fleire stipendiatar som presenterte doktorgradsprosjekta sine under samlinga (Foto: Petter Bjørklund/HMR)​​

Dei ulike prosjekta som vart presentert under samlinga omhandla mellom anna tematikk innafor ortopedi, astmaforsking, brystkreftdiagnostikk, og flåttborne sjukdommar.

Det er mykje spanande forsking men ikkje alt man nødvendigvis veit om eller har oversikt over​. Å kunne møtast og diskutere med kvarandre har vore veldig fint og nyttig, fortel Eide.

Heian

Ingrid Torvik Heian presenterer prosjektet sitt under samlinga. Prosjektet hennar undersøker mellom anna korleis luktetrening kan påverke luktesans og føre til endringar i hjernen hos den voksne befolkninga i Noreg.​​

​​Imponert av kvaliteten i kvar av prosjekta

Saman med Fuglset var fagdirektør Erik Solligård og forskingssjef Anne-Sofie Furberg ein av fleire som halde innlegg. Furberg tiltredde formelt i stillinga under samlinga.

Alle tre synast det har vore interessant og kjekt å høyre om dei ulike prosjekta, og å stifte nærare kjennskap til stipendiatane og deira opplevingar og tankar rundt forskarrolla.

- Det har vore ein kjempefin start å få bli med på denne samlinga og bli kjent med så mange. Eg gler meg til å sette i gong og samarbeide i lag med seksjonen og andre dyktige forskarar, seier Furberg.

- Å bygge samhald mellom alle stipendiatar som er knytt til helseføretaket er viktig for oss. E​g er veldig imponert av både kvaliteten og aktiviteten i kvar av prosjekta, fortel Solligård.

adssad

(Frå venstre) Forskingssjef Anne-Sofie Furberg, fagdirektør Erik Solligård, og forskar og forskingsrådgjevar Tone Seim Fuglset (Foto: Petter Bjørklund/HMR)​

​Ph.d-samlinga vart halde ved Fred Kavli kunnskapssenter i Eresfjord. Samlinga var i regi av Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Møre og Romsdal.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​​