Forskingsnyheiter
Vurdering av kartleggingsverktøy for identifisering av motoriske vanskar hos barn og unge
Motoriske vanskar hos barn kan ha stor innverknad på både helse og livskvalitet – men kor godt fungerer verktøya vi brukar for å kartlegge dei? Ei ny kunnskapsoppsummering vurderer den norske versjonen av Movement Assessment Battery for Children-2 (MABC-2). Testen er mykje brukt i klinikk og forsking, men gjennomgangen viser at dei psykometriske eigenskapane er lite undersøkt, og at det manglar skandinaviske normer.

Foto: Colourbox.com

Forskar og overlege ved Avdeling for psykisk helsevern barn og unge, Volda sjukehus, Lise Reindal, har skrive kunnskapsoppsummeringa saman med Elisabeth Øverland frå Regionsenter for barn og unges psykiske helse Øst og Sør. Den ser på kartleggingsverktøyet Movement Assessment Battery for Children-2 (MABC-2), som er ein standardisert test for å identifisere og beskrive grov- og finmotoriske vanskar hos barn og unge. I følgje oppsummeringa er slike vanskar vanlege, og kan vere ein viktig tilleggsvanske hos barn som blir utreda for andre utviklingsvanskar, som ADHD, autismespektertilstandar og utviklingsmessige språkvanskar.
Behov for eigna verktøy
Ettersom motoriske vanskar kan påverke deltaking og funksjon i kvardagen, grad av fysisk aktivitet og dermed helse og livskvalitet – representerer dei viktige behandlingsmål. Forfattarane seier at klinikarar og forskarar difor treng eigna verktøy for å identifisere og beskrive slike vanskar, samt følgje med på effekt av tiltak.
Få skandinaviske studiar og mangel på skandinaviske normer
MACB-2 er utvikla i Storbritannia, og er normert for britiske barn frå 3 til 16 år. Testen tek 20-40 minutt å gjennomføre, og består av åtte oppgåver. Basert på eit bredt litteratursøk, fant Reindal og Øverland at kun to av 27 inkluderte norske, svenske og danske publikasjonar hadde som hovudmål å undersøke dei psykometriske eigenskapane. Sjølv om MABC-2 samla sett ser ut til å vere eit nyttig instrument i klinikk og forsking for å vurdere barn med mistenkte motoriske vanskar, så er dei psykometriske eigenskapane til den norske versjonen ikkje tilstrekkeleg undersøkt. Mangel på skandinaviske normer er ei svakheit, og det er indikasjonar på at skandinaviske barn skårar betre på MABC-2 samanlikna med den britiske normgruppa.
I ein omtale av artikkelen på kunnskapombarn.no skriv forfattarane at “selv om testen ser ut til å kunne skille mellom grupper hvor man kan forvente dårligere motoriske ferdigheter og kontrollgruppe, så er kriterievaliditeten (hvorvidt teksten korrekt identifiserer barn og unge med motoriske vansker sammenlignet med en etablert “gullstandard” eller diagnose) ikke godt nok undersøkt.”
På denne bakgrunnen vert det anbefalt at fagpersonar er forsiktige med å basere kliniske avgjerder på MABC-2-resultat åleine. Pearson Clinical lanserte nyleg ein revidert versjon, MABC-3. Resultata frå kunnskapsoppsummeringa tilseier at fagmiljøet bør vere merksam på behovet for ei sjølvstendig vurdering også av denne i Skandinavia.
Du kan lese heile kunnskapsoppsummeringa i PsykTestBarn.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.