Personvernombod for forsking
Personvernombodet skal ivareta personverninteressene til alle som får personopplysningar registrert i HMR. Sjølv om personvernombodet er tilsett i HMR, har ombodet ei uavhengig stilling i arbeidet som ombod.
Personvernombod for forsking
I samsvar med den europeiske personvernforordninga (GDPR), som er innført i Norge, saman med ny personopplysningslov, har Helse Møre og Romsdals (HMR) personvernombod for forsking følgjande oppgåver:
- Informere og gi råd til HMR og forskarar om personvern i forsking, kvalitetssikring og for kvalitetsregister:
- Gi råd om ansvarsfordeling for oppgåver knytt til å ta vare på personvern i forsking
- Gjennomføre haldningsskapande arbeid og opplæring av medarbeidarar
- Informere, gi råd og anbefalingar for å sikre at regelverket blir etterlevd.
- Overvake etterleving av personvernregelverk og anna relevant regelverk. HMR er ansvarleg for at regelverk bli etterlevd, personvernombodets overvaking og kontroll er hjelpemiddel til gjennomføring av dette.
- Bidra til å få oversikt over kva personopplysningar som blir brukte i forsking, kvalitetssikring og kvalitetsregister, samsvar med artikkel 30 i GDPR. Det blir gjort ved at prosjektansvarlege i HMR registrerer forskingsprosjekt, kvalitetssikringsprosjekt og kvalitetsregister i samsvar med HMRs retningsliner (krev tilgong til interne sider).
- Gi råd og eventuelt hjelpe med gjennomføring av vurdering av personvernkonsekvensar (Data Protection Impact Assessment – DPIA)
- Samarbeide med Datatilsynet og fungere som kontaktpunkt mellom HMR og Datatilsynet
Referanse: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-38
Personvernombod for Helse Møre og Romsdal har delegert følgjande oppgåver som Helse Møre og Romsdal er pålagde i følgje ny personopplysningslov og den europeiske personvernforordningaga (GDPR), til personvernrådgivar for forsking.
KONTAKT:
Personvernombodet i Helse Møre og Romsdal:
Jan Rino Austdal;
epost: jan.rino.austdal@helse-mr.no.
Personvernrådgjevarar for forsking:
Lennart Johansson, regional ressurs, Helseforetakene i Helse Midt-Norge
epost: lennart.johansson@helse-nordtrondelag.no
Tone S. Fuglset, HMR
epost: Tone.Seim.Fuglset@helse-mr.no
Therese M. Istad, HMR
epost: therese.istad@helse-mr.no