Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Store forventningar til samhandling

Stein Kaasa

Professor Stein Kaasa forventar komplett digital samhandling i den nye helseplattforma. – Det er mange som må samsnakkast. Vi går ei spanande tid i møte, seier han.

Stein Kaasa

Stein Kaasa kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

Komplett digital samhandling vil seie at det må samhandlast internt på sjukehusa, mellom sjukehusa, internt i kommunehelsetenesta og mellom sjukehusa og kommunehelsetenesta.

– Eg har store forventningar, seier Kaasa, som har jobba mykje med samhandling.

Han var med i ekspertgruppa som ga dåverande helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen råd i arbeidet med Samhandlingsreforma som blei lansert i ei stortingsmelding i 2009.

Kaasa leia også utvalet bak NOU-en «På liv og død – Palliasjon til alvorleg syke og døende», der samhandling var eit viktig tema.

Kaasa er professor i palliativ medisin og onkologi, med hovudstilling ved Universitetet i Oslo. Han har også ein liten stillingsbrøk som professor ved Institutt for klinisk og molekylær medisin ved NTNU. Kaasa har leia Kreftavdelinga ved Oslo universitetssykehus sidan 2015.

Før han kom til Oslo, gjekk han på jobb i Helse Midt-Norge i 25 år, og i 10 av dei leia han Institutt for klinisk og molekylær medisin ved NTNU. Frå 2013 til 2015 var han viseadministrerande direktør for St. Olavs hospital. Frå 2006-2013 var han også nasjonal kreftdirektør ved Helsedirektoratet.

Kaasa har ein omfattande vitskapleg produksjon bak seg, med meir enn 500 publiserte artiklar. Han har forska mykje på smerte, ernæring og underernæring, helsetenesteutvikling, og på «end of life care».

Stein Kaasa skal halde føredrag på Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019.

Meld deg på konferansen

Gå til hovudsida for konferansen

    Sist oppdatert 18.08.2023