Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

SPCG-17-STUDIEN, SCANDINAVIAN PROSTATE CANCER GROUP

​SPCG-17 STUDIEN, SCANDINAVIAN PROSTATE CANCER GROUP
Bakgrunn og føremål:
Aktiv overvaking av prostatakreft med saktevaksande svulst med lågrisiko.
Føremålet med forskingsprosjektet er å finne ut om det er trygt for menn å fortsette aktiv overvaking inntil det vert oppdaga sikrare teikn på alvorleg kreft. Vi håpar at studien vil bevise at færre menn som startar med aktiv overvaking må behandlast seinare, utan at fleire menn opplever at sjukdomen utviklar seg til meir aggressiv prostatakreft.
 
Gjennomføring:
Kva innebærer studien for deg som pasient?
Viss du passar inn og godtek å delta i SPCG-17-studien, vil du tilfeldig hamne i éi av to like store grupper, kor den eine gruppa* mottek oppfølging i henhold til gjeldande standardpraksis. Den andre gruppa** vil bli anbefalt behandling kun hvis spesifikke kriteriar (utløysarar) vert oppfyllt.

*Gjeldande praksis er å anbefale kurativ behandling (kirurgi eller strålebehandling) hvis det finns noko mistanke om alvorleg kreft under overvakinga, inkludert moderat auka PSA-verdiar og minimale funn av kreftceller som virker potensielt aggressive under undersøkinga i mikroskopet.

**Kriteria er basert på dominansen av potensielt aggressive kreftceller i prostatabiopsiprøver, eller dersom ein svulst med slike kreftceller ser meir aggressiv ut på magnetiske skanningar.

Prosjektleiar: Helena Bertilsson, St. Olavs hospital.  Ansvarleg lege (hovedutprøvar) i Helse Møre og Romsdal er Valborg Bakke.

Lenke: https://helseforskning.etikkom.no/prosjekterirek/prosjektregister/prosjekt?p_document_id=867399&p_parent_id=970238&_ikbLanguageCode=n

Viss du bur i Møre og Romsdal, kontakt:
Ålesund sjukehus: Klinisk forskingspost telefon 70106192.

Sist oppdatert 04.08.2023