Tid og stad
Når
- 21. mai 2025, 08:45 - 15:30
Arrangør
Kvar
Ålesund sjukehusPåmelding
Frist for påmelding: 14. mai 2025, 08:00
Program og påmelding finn du her
Bidra til å gjere kvardagen enklare for barn og deira næraste
Fagdagen er for alle som jobbar med barn og familiar som lever med livsavgrensande tilstandar, både i spesialisthelsetenesta og førstelinjetenesta. Vi ønskjer å gi deltakarane ei innføring i barnepalliasjon – kva det inneber, og korleis vi best kan støtte familiane i ein krevjande livssituasjon.
Fagdagen er spesielt relevant for tilsette i barnehage, skule, avlastingstenester, helsestasjon, tildelingskontor, ergo- og fysiotenester, koordinatorar og dei som jobbar på barne- og ungdomsavdelingane, HABU, og dessutan andre som har kontakt med desse familiane.
Bli med på ei viktig fagleg oppdatering og få innsikt i korleis du kan bidra til å gjere kvardagen lettare for barn og deira næraste.
Velkomen!