Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagram

Trygg omsorg for kvar nyfødd og kvart barn

Vi markerer den internasjonale dagen for pasientsikkerheit 17. september 2025

I Helse Møre og Romsdal markerer vi dagen på alle avdelingar som behandlar barn på sjukehus.

I år er temaet for dagen "Trygg omsorg for kvar nyfødd og barn" For å sette fokus på denne viktigaste bodskapen har vi fått hjelp av barn til å lage to informasjonsfilmar. Den eine til barn og deira føresette og den andre til helsepersonell. 

Ver trygg og sikker når du får helsehjelp

  1. Du er viktig! Helsa di er viktig og du fortener trygg og sikker omsorg.
  2. Di stemme er viktig! Snakk med ein vaksen om du føler deg sjuk eller har skada deg. Forsøk så godt du kan å forklare korleis du har det. 
  3. Ver trygg og sikker når du får helsehjelp! Fortell legen eller sjukepleiaren kva du heiter og om du har allergiar. Spør kvifor du får medisinar og korleis du skal ta dei. 
  4. Sloss mot bakteriane! Vask hendene ofte. Host og nys i olbogen eller i eit papir. Det er heilt greitt å minne andre på dette også. 
  5. Du kan hjelpe! Viss du synest at noko ikkje ser trygt ut, fortell det til ein vaksen.
    Skikkelse
    Illustrasjon: WHO. 

     

  1. Tilpass behandlinga tilkvart enkelt barn. Alle barn er forskjellige. Tilpass alltid behandlinga til barnet sin alder, størrelse og utiklingstrinn. Bekreft alltid barnet sin identitet før all behandling og spør om allergiar.
  2. Samarbeid med familien og barnet! Støtt familien ved å inkludere dei i beslutningar. Lytt, forklar tydeleg og svar på spørsmåla deira.
  3. Oppdag risiko og gjer noko raskt! Ver merksam på risiko for skade som legemiddelfeil, helsetenestassosierte infeksjonar og diagnostiske feil. Oppdag teikn til forverring tidleg og responder umiddelbart.
  4. Kommuniser tydeleg! Del informasjon systematisk og tydeleg med anna helsepersonell ved overflytting.
  5. Bidra til forbetring! Meld frå om du har bekymring for tryggleiken og involver deg i arbeid med å forbetre behandling og omsorg for barn. Alle meldingar og forbetringsforslag kan bidra til å bygge ein kultur prega av kontinuerleg forbetring.

 

Fleire initiativ som sikrar ein trygg start på livet

Det pågår mykje viktig arbeid for å betre pasienttryggleiken til barn i Helse Møre og Romsdal. Det er derfor ei glede å presentere tre initiativ som sikrar ein trygg start på livet for dei nyfødde og sikker behandling tilpassa behovet til barnet ved kontakt med sjukehuset.

Sjå desse videopresentasjonane

SME-modellen (UiO Senter for medisinsk etikk)

  1. Kva er det etiske problemet? 
  2. Kva er fakta i saken? 
  3. Kven vedkjem dette, kva er deira syn og interesser? 
  4. Kva verdiar, etiske prinsipp, normer og lover er aktuelle? 
  5. Kva relevante behandlingsalternativ har vi? 
  6. Heilskapsvurdering. 

 

Om den internasjonale pasientsikkerheitsdagen 

Den internasjonale pasientsikkerheitsdagen handlar om å skape merksemd, samarbeid og handling for å gjere helsetenester tryggare. 

I år set World Health Organization (WHO) fokus på barns og nyfødde sin rett til trygg behandling. Dei er ekstra sårbare for feil og skade, og derfor må vi sikre god og sikker omsorg heilt frå starten.

Les meir om den internasjonale pasientsikkerheitsdagen på WHO sine nettsider

Sist oppdatert 16.09.2025