Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barneblikk med i utviklingsplanen 2019 – 2022

Barneblikk-satsinga vart presentert på dialogseminaret 20.juni for utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal HF. Barneblikk vert no integrert i planen som eit samhandlingstiltak mellom kommunane og helseføretaket under delen som omhandlar barn og unge.

Jan Ole Bolsø
Publisert 29.06.2017
Sist oppdatert 27.05.2020
Diagram
Barneblikk er sentralt i satsinga i høvet barn og unge

​Oppdrag frå Helsesedirektoretet

Koordinator Mette Grytten orienterte deltakarane om oppdraget frå Helsedirektoratet til Helse Midt-Norge. Oppdraget er å etablere lavterskeltilbod, og målgruppa er barn 0-6 år i familiar der nokon har rus eller psykiske vanskar, gravide og vordande fedre med rus eller psykiske vanskar. Tiltaket gjeld også for foreldre som slit med rus eller psykiske vanskar og som har barn i alderen 0-6 år.

Alle helseføretak skal vere tilknytta eit slikt tilbod og Grytten presiserer viktigheita av at det skal vere eit lavterskeltiltak med mål om å kome tidleg inn. Tilbodet må vere synleg og det skal ha eit heilskapleg familieperspektiv. Helse Møre og Romsdal har i samarbeid med kommunane i fylket blitt einige om at tilbodet skal ligge i kommunen.

Tverrfaglege team

For å sikre geografisk spreiing av tilbodet, er det etablert lokale tverrfaglege team som skal utvikle det konkrete tiltaket i kvart sjukehusområde. Unntaket er Volda. Det er eit mål å etablere lokalt team også mellom Volda sjukehus og kommunane i opptaksområdet. Men pr i dag er ikkje dette avklara og vert fulgt opp av styringsgruppa. 

På sikt ser ein for seg interkommunale samarbeidsordningar. Arbeidet er samstundes i ei byrjingsfase og merksemda har vore retta mot å få oversikt over eksisterande tilbod. Eit prioritert område i 2017 er å kome i dialog med fastlegane.

Web-side

Som eit hjelpemiddel for dei som har ei rolle i Barneblikk-satsinga og for samarbeidspartnarar, skal det opprettast ei eiga nettside. Det er eit mål å lage ei oversikt over tiltakskjeden (ulike forløp) slik at dette ligg oppdatert og tilgjengeleg på nettsida.

Følgjande nettadresse er under oppretting; www.helse-mr.no/barneblikk

Styringsgruppe

For organisering av arbeidet er det etablert ei styringsgruppe med direktør som eigar.  Styringsgruppa er slik samansett; samhandlingssjef Britt Valderhaug Tyrholm, klinikksjef Henrik Erdal, avdelingssjef Manuela Strauss, einingsleiar Ole Lorvik, rådgjevar frå fylkesmannen Anne Mette Nerbøberg, brukarrepresentant frå rus og brukarrepresentant frå psykisk helse.


Etter innlegge kom det feire spørsmål

Det vert stilt spørsmål til kvifor Volda ikkje har etablert lokalt team. Grytten viser til at kommunen er invitert og det har vore informasjonsmøte. Då kommunen har eigne tiltak på gang innafor området, er det satt førebels på vent.

Det undrast kvifor dialogen mot fastlegen ikkje er god nok. Grytten viser til at det er ønske om å kome i dialog og som tiltak er det eit mål å kjøpe fri to legar til hausten som kan bidra i dette arbeidet.

Eit spørsmål retta mot styringslinjene og om styringsgruppa er representert med kommunale representantar. Grytten viser til at kommunane er invitert og at det føreligg konkrete invitasjonar til Ålesund, Molde og Kristiansund kommune. Per i dag er det ikkje motteke svar frå kommunane.

Eit anna spørsmål vart retta mot finansiering. Tiltaket er ikkje støtta av øyremerka midlar til personalressursar og ein må difor ta utgangspunkt i eksisterande ressursar. Det handlar om å sjå på eksisterande tilbod og vurdere mogelegheit for å effektivisere og spisse kompetanse gjennom eventuelt samarbeid.

Det handlar i stor grad om nytenking, prioritering og vilje til å satse og Grytten peikar på effektane hos dei som har etablert tiltaket elles i landet.

Sjå presentasjonen her.
Utvida referat frå møtet fin du her