Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Det er alle sitt ansvar

“Marit” kjem trillande på si vesle dotter på 1år. Begge ser ut til å vere i godt humør. Den neste timen kjem eg til å lære at ”Marit” sitt liv ikkje har vore ein dans på roser. Eg helsar, og vert straks sjarmert av den vesle tulla.

Pernille Louise Røe
Publisert 21.09.2018
Sist oppdatert 27.05.2020
Sjølv om ho spurde etter hjelp, var det lite hjelp å få. Illustarsjon: Collourbox

Ho har to små born, er utdanna sjukepleiar og arbeidar som familierettleiar. Denne dagen skal eg bli kjend med erfaringar "Marit" har frå sitt eige liv, erfaringar som har styrka engasjementet hennar for familiane ho møter i jobben sin.

Mykje ansvar

–Eg kan starte frå byrjinga: Eg vaks opp med ei mor som er alkoholikar. Det var ikkje før eg var 21 år og mamma vart innlagt på rehabilitering at det gjekk ordentleg opp for meg at mamma var alkoholikar.

Då hadde mora drukke meir eller mindre konstant dei siste fjorten åra, etter at ho skilte seg. I ettertid har Marit vorte fortalt at sjølv om ho og dei tre syskena ikkje skjønte kva det var som feila mora, var det mange andre som gjorde det - både i hjelpeapparatet og familien.

–Eg stilte på foreldremøter for mine yngre sysken, utan at nokon reagerte. Det burde vore nokon som reagerte.

Korkje det at “Marit” stilte opp på foreldremøter til sine yngre sysken, eller at ein bror var svært utrangerande på skulen førte til at nokon stilte spørsmål om korleis det sto til i heimen. Hadde dei spurt ville eit av borna kanskje svart at “mor drikk frå ho kjem frå arbeid til ho legg seg, og vi må klare oss sjølve”.

–Det som sit mest i er skuffelse. Eg sa til ho mange gonger “om du verkeleg er glad i oss så sluttar du å drikke”.

Mora slutta ikkje å drikke. Som eldstemann i syskenflokken vart “Marit” omsorgspersonen for dei yngre syskena. Dei typiske “foreldreoppgåvene” i ein heim vart og hennar ansvar. Mykje tid gjekk bort til å rydde opp etter mora si drikking, og etterkvart også å kjøpe inn øl for ho.

Tross det lite eigna heimemiljøet, tykkjer ho ikkje at ho har hatt ein vond barndom. -Ein høyrer jo om dei som vart banka opp heime. Så sjølv om ho ikkje sit igjen med fysiske arr, ser ho at barndommen har prega henne.

–Det at der ikkje var nokon vaksne og at eg ikkje hadde den grunnleggjande tryggleiken som born, er kanskje det eg har slitt mest med når eg ser tilbake. Det skulle vore nokon der som putta på plaster når eg ramla eller det skulle vore nokon der når eg hadde kjærleiksorg. Ha nokon som var glad på mine vegne uavhengig av prestasjonane mine.

Mora har fortsatt ikkje slutta og drikke, men nektar likevel for at ho har eit problem.

Om ein ikkje klarar å ta eit aktivt oppgjer høve kven ein vil vere som foreldre, så kopierer ein gjerne eigne nære personar.

 

På flyttefot og møte med veggen

– Då mamma vart lagt inn på rehabilitering, flytta eg til Oslo for å arbeide. Eg arbeidde så mykje som 250 prosent for å unngå å tenkje og kjenne på eigne kjensler.

Etter ei krevjande periode i Oslo, bestemte ho seg for å ta til å studere. Valet falt på sjukepleiarutdanning. Det gjekk midlertidig ikkje etter planen. Ho var utslitt og einsam. Kanskje hadde barndommen tatt ho igjen? Etter berre eit semester vart ho sjukmeld.

“Marit” starta med terapitimar, men det som skulle hjelpe opplevde ho at i staden tok frå henne ressursar som ho hadde hatt heile livet. Ho trekkjer fram eit eksempel der terapeuten spurde om ho lagde skikkeleg middag. Ho svara at det var litt så som så, og måtte bruke to timar av verdfull behandlingstid til å skrive handleliste. Det hadde ho gjort sjølv frå ho var 12 år gamal.

–Det var ikkje å lage middag som var problemet. Eg hadde det tungt og budde åleine. Eg tykte at terapien var “her er eit opplegg som eg køyrer på alle pasientar". Eg sakna spørsmåla: «Kvar er du, kven er du og kva treng du?»

Redninga for “Marit vart ein heilt anna form for terapi. Ho flytta til Nord-Noreg i tre månader for å sjå på havet og gå i fjellet.–Fjellet har alltid vore viktig for meg, men i tøffe periodar vert det endå viktigare. Naturen og hundane mine har alltid gjeve meg tryggleik.

På dette området meiner “Marit” psykiatrien i dag er betre og legg sterkare vekt på friluftsliv og turar som alternativ og ikkje berre medisinar.

–Recoveryperspektivet er veldig viktig. Ein kan ikkje medisinere bort kjensler, for dei er der uansett. Ein må lære seg å handtere dei.

Familierettleiar

Etter tre månader i nordnorsk natur, der ho arbeidde mykje med seg sjølv, fortsette ho med studiane.

Som ein del av hjelpeapparatet er ho i dag oppteken av det tverrfaglege, og skulle gjerne samarbeida tverrfagleg om alt.

–Ein kjem frå ulike tradisjonar og har ulike perspektiv på ting. Det er klart at eg som sjukepleiar ser ting på ein annan måte enn ein som er barnevernspedagog, lege eller sosionom. Det er så viktig å arbeide tverrfagleg og ikkje vere redd for at andre kan noko meir enn deg eller på ein annan måte enn deg. Ein må slutte den der profesjonskampen og heller spele kvarandre gode.

I jobben møter ho mange ulike familiar, og ser ofte eit fellestrekk.

Mi historie er verdt noko. Eg kan hjelpe nokon andre og alt har ikkje vore heilt bortkasta.

 

–Om ein ikkje klarar å ta eit aktivt oppgjer høve kven ein vil vere som foreldre, så kopierer ein gjerne eigne nære personar.

Ho er og oppteken av at ein må inn tidleg og sjå eit større bilete.
–Det nyttar ikkje berre å hjelpe den som har eit problem, ein må få hjelp i alle ledd. Sånn som med Barneblikk; ein må gå inn tidleg og hjelpe allereie i svangerskapet.

Det stoppa ikkje med sjukepleiarutdanninga for “Marit”. Ho har ein tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med born og unge og er i gong med ein mastergrad. I jobben som familierettleiar og med ei rolle i Barneblikk får ho bruke si dyrekjøpte erfaring til noko nyttig.

–Mi historie er verdt noko. Eg kan hjelpe nokon andre og alt har ikkje vore heilt bortkasta.

Vanskelege svangerskap, kvar var hjelpa?

“Marit” skulle sjølv gjerne hatt hjelp når ho vart gravid. Sjølv veit ho no at ho oppfyller alle risikofaktorane for svangerskapsdepresjon: ein vond oppvekst, åleinemor og haste-keisarsnitt var nokre av faktorane.

–Det kjendes tungt å ikkje klare å føde barnet mitt og ikkje klare å amme. Eg mista mjølka tidleg, fekk infeksjonar og var veldig nedkjørt. 

Sjølv om ho spurde etter hjelp, var det lite hjelp å få. Det fyrste svangerskapet resulterte i ei PTSD diagnose.

Etter et par år vart ho gravid igjen.

– Dei fyrste eg ringte for å fortelje at eg var gravid var hjelpeapparatet. For å få hjelp.

Ho fekk beskjed om at jordmor var i permisjon, så ho maste seg til oppfølging på gynekologisk poliklinikk. Ho skjønte sjølv at dette ville verte ei utfordring. Ordninga fungerte fint fram til det vart sommarferie og ho fekk beskjed om å kome tilbake til hausten. Sommaren var vanskelig.

Redselen for den komande fødselen var stor, ho var livredd for at fødselen skulle verte like dramatisk som sist og for å dø under fødsel. Da poliklinikken endeleg var ferdig med sommarferie orka ho ikkje meir og sa at dei måtte få babyen ut med ein gong. Heldigvis vart ho tatt på alvor.

Ho vart lagt inn eit døgn på fødeavdelinga for observasjon og fekk god hjelp frå legen på DPS. “Marit” tykte likevel det var rart at det tok så lang tid før ho fekk oppfølginga ho trengte, spesielt med tanke på fyrste fødsel.

– Eg ga beskjed i veke fem av svangerskapet at dette vert tøft og nokon må gå vegen med meg, men ingen forsto alvoret. Ingen tok ansvar, sjølv om dei var veldig klar over historikken frå førre svangerskap og frå oppveksten.
“Marit “ visste ikkje kva det ville seie å vere ei god mor, ho visste berre at ho ikkje ville vere som si eiga mor. Der har ho sakna hjelp.

Trass uroa vart hennar andre fødsel og barselperiode ei fin oppleving.

–Eg visste meir kva eg gjekk til, eg torde å spørje om hjelp og eg hadde gode hjelparar rundt meg. Det gav meg eit heilt anna utgangspunkt for det å vere mor, eg kjende at dette får eg faktisk til.

“Marit” er oppteken av at ein må tørre å spørje og engasjere seg. Hjelpeapparatet må ta uro frå gravide på alvor. Ho er også sikker på at det trengs meir kunnskap om psykisk helse i alle ledd.
.

Klart bodskap til hjelpeapparatet

Omgrepet “profesjonell distanse” har ho ikkje så mykje til overs for.

– Sjå enkeltmennesket, sjå den du har framfor deg og våg å la deg engasjere. Det spelar inga rolle kva for metodar eller program du nytter om relasjonen ikkje er der. Det er relasjonane som skapar tryggleik for endring og då må du gje noko av deg sjølv. Du kan ikkje berre vere den profesjonelle og distanserte som sit å fortel kva bøkene seier. Du må vise at du bryr deg.

Når ho fyrst har fått profesjonell hjelp, har ho vore ganske nøgd. Ho er oppteken av at ein skal få hjelp til å orientere seg i jungelen av eit hjelpeapparat. Når ein fyrst har mobilisert krefter nok til å oppsøkje hjelp bør ein helst få den med ein gong, eller bli kopla vidare til riktig person. Om ein vert avvist eller opplever å ikkje bli høyrt, kan det verte litt sånn ”neivel, det var ikkje greitt å spørje om hjelp her heller”.

–Du som hjelpar har ikkje lov å seie at det ikkje er mitt problem. Du får finne nokon som kan hjelpe. Om nokon vender seg til deg så er du ikkje ferdig før den som spør om hjelp får hjelp.

Tykkjer du at noko skurrar så er det ofte noko som skurrar.

 

Alle sitt ansvar

Den vesle tulla sitter nøgd på mors fang, og følgjer begeistra med på alt som skjer omkring seg. Det er ingen tvil om at ho har nokon der til å setje på plaster når ho fell og foreldre til å trøyste seg når ho eingong i framtida skal oppleve si fyrste kjærleikssorg.

Eg spør “Marit” om kva ho tenkjer burde vert gjort annleis i hennar situasjon. Ho grublar litt før ho formulerer seg slik:

–Eg tenkjer at alle; både privatpersoner, skule, barnehage og andre har eit ansvar for å kjenne på magekjensla. Tykkjer du at noko skurrar så er det ofte noko som skurrar. Eg saknar eit varmare samfunn der ein ser kvarandre og ikkje berre sånn ”det er ikkje mitt problem, det er ikkje mitt ansvar”. For det er alle sitt ansvar!