Legar med barneblikk
I samarbeid med Ålesund kommune har Barneblikk fått innovasjonsmidlar frå fylkesmannen til prosjektet «Legar med barneblikk».
- Mange tenester ønskjer eit tettare samarbeid med fastlegane seier koordinator for Barneblikk Mette Grytten. -Vi er svært glad for desse midlane. Fastlegen har ofte avgrensa tid til samarbeid, og manglande kommunikasjonsflyt kan føre til tidkrevjande dobbeltarbeid, i tillegg til at oppfølginga for familiane kan verte mangelfull.
Viktig helsekoordinator
Grytten meiner at fastlegen er kommunen sin viktigaste helsekoordinator. Fastlegen innehar høg og allsidig kompetanse og er den som best kan ivareta den medisinske oppfølginga av pasientane og deira familiar der dei bur, i kommunen. Samstundes bør den medisinske oppfølginga samkøyrast med andre oppfølgingsbehov. Basert på samtykke frå pasienten, vil ei gjensidig utveksling av informasjon gje pasienten større kvalitet og utbytte av oppfølginga til seg og familien.
Arbeidet startar opp i september 2017 og evaluerast i desember. Basert på evalueringa vert det tatt stilling til om prosjektet skal vidareførast i 2018 og 2019.