Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sterke innlegg på nasjonalt arbeidsseminar i familienettverket

Nasjonal kompetanseteneste TSB arrangerte 3.-5. september eit arbeidsseminar i familienettverket. Familienettverket er eit nasjonalt læringsnettverk for tilsette i familieambulatoriar og tilsvarande tenester og institusjonar med pasientgruppa gravide og sped-/småbarnsforeldre med psykiske helse- eller rusutfordringar.

Jan Ole Bolsø
Publisert 26.09.2018
Sist oppdatert 27.05.2020
Sterke historier Illustrasjonsfotot: Collourbox

Jan Ole Bolsø

Jan Ole Bolsø

4 representantar frå Barneblikk var med på seminaret. Det vart lærerike dagar med gode innlegg, møte med andre lågterskeltilbod, rom for diskusjon og for refleksjon. Å gi et kortfatta utfyllande referat er ei umogleg oppgåve, men eit personleg teikna bilete bør det være mogleg å få til frå den einaste hanen i flokken på 50 deltakarar.

Brukarinnlegg

Vi fikk være med på to sterke erfaringsinnlegg frå mødrer med rusbakgrunn. Det som slo meg er det lange behovet dei har for oppfølging og kor mykje dei har å lære når livet skal endrast frå rus til eit liv som mor med ryddige og trygge forhold for barnet. Sjølv i dag, når dei var i jobb og klarte seg fint, følte dei behov for støtte når det røyna på i kvardagen. Støtte med heilt normale kvardagsproblem. Det synte kor viktig det er å ha nokon å vende seg til som forstår og ikkje dømmer.

Om kvelden fekk vi eit vitnesbyrd frå livet som barn av foreldre med rusproblem.  Komikar Trine Lise Olsen gav oss ei alvorlig og humoristisk forteljing om eigen oppvekst. Det er merkelig korleis tårer og latter forsterkar kvarandre. Trine Lise vaks opp med ein fråverande alkoholisert far og ei alkoholisert mor. Ho var innom ein del fosterheimar før ho møtte henne som Trine Lise i dag reknar som si trygge mor. Det var vondt å høyre kva ho hadde å fortelje og sørgjeleg å sjå uforstanden blant vaksne som såg, men ikkje ville sjå. Den som vil kjenne litt på denne følelsen kan sjå på Trine Lise sitt show på NRK på nett. Linken finner dykk under dette innlegget.

Det fine med opplegget var at vi fikk rom for ikkje berre å oppleve desse tre svært ulike blikka inn i tre liv, men vi fekk også tid til å diskutere kva vi, gjennom våre lågterskeltilbod kan gjere for at familiar får den støtta dei treng slik barn skal sleppe å oppleve det Trine Lise gjorde. For dessverre er hennar historie lik mange historier vi høyrer i dag.

Foreldreskapet og barnet

Ulrika Håkansson hadde eit faglig godt innlegg som følgde opp brukarerfaringane sett frå eit forskarsynspunkt. Eit engasjert forskarsynspunkt. Ei setning frå hennar innlegg brand seg fast i meg: «Svikt i støtte av foreldreskapet er svikt av barn». For meg summerer det godt opp kva Barneblikk og andre lågterskeltilbod har å jobbe med. Familien må få den støtta dei treng for å skape eit godt liv for barnet.

Det svei i sjela når Ulrika fortalte om ein av sine informantar, når spedbarnet gråt bar ho det inn på eit eige rom, stengde døra og tok på seg høyretelefonar med musikk på for å sleppe å høyre barnegråten. Ho ante ikkje korleis ho skulle takle situasjonen så ho gjorde som ho hadde lært: Flykta frå den. Ikkje for å være ei dårlig mor. Ho forsto at barnet ikkje utvikla seg som det skulle, men ante heller ikkje kva ho skulle gjere, eller kor og korleis ho skulle søke hjelp.

Kor var støtta i foreldreskapet? Vi veit at når Ulrika var på heimebesøk for å intervjue mora og då møtte det vesle barnet, så var det over 6 månader gamalt og då var det alt gjort ubotelig skade på barnet. Av mangel på kunnskap. Ikkje på kjærleik.

Røverdatter

Samlinga vart avslutta med filmen Røverdatter og eit møte med regissøren Sofia Haugan. Filmen er ei sterk historie som til tider er fortalt i eit kaotisk brutalt filmspråk. Den handlar om ei ung vaksen dame som forsøker å byggje opp eit forhold til sin rusmissbrukande far. Den er verdt å sjå og reflektere over. Det som slo meg er at ein tapt barndom og ein tapt relasjon pregar deg i vaksenlivet uansett kva du gjer. Behovet for kontakt og ønsket om å bygge på det gode vert gong på gong øydelagt av rusen og dei haldningar som rusen dreg med seg. Det å stå midt i kampen tar krefter og er ikkje noko alle kan klare. Som Haugan sjølv påpeikte så vart dette arbeidet nærast ein fulltidsjobb for henne, for det var jobben hennar å lage filmen. Å klare det same med ein full jobb ved siden av såg ho som svært vanskelig.

Så for kvart barn, som vert berga unna en oppvekst prega av rus, vert det lagt ein grunnmur for eit vaksenliv med berre normale plager og utfordringar.

Refleksjon

Det var et flott vær på Lillestrøm og rett borti gata var det ein butikk med sal på LP-plater som eg så vidt rakk innom mellom foredrag og nyttige samtalar. Det var ei flott og lærerik samling, men likevel sakna eg eit moment. Lågterskeltilboda har som målgruppe  familiar som slit   med rus og psykiske utfordringar, men så godt som alt var knytt til rus. Eg kunne tenkt meg at ein løfta fram psykisk helse noko meir. Og sjølv om det sikkert har vore på andre samlingar så er det synd at delar av målgruppa ikkje kjem fram i innlegg og diskusjon.

Etter å ha diskutert med mange og høyrt på enda fleire så er eg sikker på at vi i Møre og Romsdal har valt ein måte å organisere arbeidet på som vil sørgje for eit likeverdig tilbod til alle familiar med behov, uansett kor dei bur. Nærleiken som er naudsynt for å følgje opp familiane kan etter mi oppfatning berre skje om tilboda ligg nært der folk bur og det er i kommunen. I vårt fylke med fjord og fjell og øyar er reiseavstand eit særs viktig moment. Og det er ikkje lågterskel om det tar fleire timar å nå tiltaket. På den andre sida er kompetansen og tilboda i spesialisthelsetenesta heilt nødvendig for å få til god samhandling. Vi må skape saman. Samskape.
 


Trine Lise Olsen sitt show på NRK: Æ har rætt