Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva for implikasjonar har Nasjonal helse- og samhandlingsplan for forsking på helsetenestene?

Nasjonal helse- og samhandlingsplan i eit forskingsperspektiv var årets tema for Helsetjenesteforskningskonferansen som vart arrangert i Stavanger 2. og 3. november 2023. Ein sentral ambisjon i planen er gode pasientforløp og likeverdige tenester på tvers av landet.

Lena Bjørge Waage
Publisert 14.11.2023
En gruppe mennesker
Illustrasjon heilskaplege pasientforløp, Folkehelseinstituttet.

Nasjonalt nettverk for helsetjenesteforskning og Universitetet i Stavanger var hovedarrangørar for konferansen, som vart innleia av Marianne Storm, professor ved Universitetet i Stavanger (UIS) og nestleder i fagrådet for helsetjenesteforskning, samt Klaus Mohn, rektor ved UIS. Andre innleiarar:

  • Marianne van der Wel, Seniorrådgiver, Helse- og omsorgsdepartementet
  • Inger Cathrine Bryne, Administrerende direktør, Helse Vest RHF
  • Per Kristian Vareide, Kommunedirektør, Stavanger kommune
  • Magne Nicolaisen, Avd. direktør helse og omsorg, Tromsø kommune

I innlegget til Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) vart m.a. utfordringsbildet skissert, der behovet for helse- og omsorgstenester vil auke utover kva vi kan møte berre med auka bemanning dei neste åra. Framover vil den knappaste ressursen vere helsepersonell med rett kompetanse. Den demografiske utviklinga vil treffe dei ulike delene av landet ulikt. Dette skaper utfordringar for prinsippet om eit likeverdig tilbod. Ein forventar at vi vil leve lenger, og flere vil leve lenge med ein eller flere kroniske lidingar. Mange pasientar og pårørande opplever ei fragmentert helse- og omsorgsteneste. Dette kan ha konsekvensar for pasientsikkerheita og bidra til dårlig utnytting av dei samla ressursane i helse- og omsorgstenesten. Regjeringa vil at pasientane skal oppleve eit heilskapleg pasientforløp der dei ulike delane av helsetenesten jobbar godt saman.

Videre i innlegga vart m.a. utfordringsbildet skissert i NOU 2023:4 Tid for handling – Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste tematisert. Sjølv om utfordringa er og forventast å auke knytt til tilgang på kvalifisert arbeidskraft i helsetenestene, vart deltakarne minna på at Norge ligg øvst blant EØS-landa i forhold til antal sysselsette i denne sektoren. Utvikling fram mot 2040 viser eit aukande gap mellom behovet og tilgang på helsepersonell. Sjølv om samhandlingsambisjonen er å finne løysingar for betre samanheng og betre ressursutnytting i tenestene, poengterast det at utfordringane vil kreve prioriteringar. Spørsmålet er korleis? Ein etterspør derfor fleire forskingsbidrag knytt til samarbeid og samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, men som også ivaretek behovet for bærekraftig bruk av ressursane.

Frå paneldebatten vart ulike samhandlingstema diskutert, m.a. organisering og bruk av øyeblikkeleg hjelp døgntilbod (ØHD) i kommunane. Ulike modellar rundt om i landet illustrerer at det ikkje er slik at «one size fits all». Det peikast på eit potensiale i å utnytte kapasiteten til dette tilbodet og det vert stilt spørsmål om ordninga er moden for evaluering.

Under konferansen vart det også vist til felles samhandlingsbudsjett for kommuner og helseføretak. Det vert interessant å følge med på korleis dette blir fulgt opp og praktisert. Felles samhandlingsbudsjett er ei av anbefalingane i NOU 2023:8 Fellesskapets sykehus – Styring, finansiering, samhandling og ledelse.

Det vart i tillegg presentert et stort tal forskingsarbeid med interessante tema som gjekk føre seg i parallelle sesjoner. Desse var knytt til:

  • Registerforskning
  • Teknologi, e-helse, digitalisering og innovasjon
  • Pasientbehandling og praksisvariasjon
  • Recilience in healthcare
  • Styring, organisering og prioritering
  • Heime
  • Primærhelseteam
  • Technology in health care
  • Kvalitet og pasientsikkerhet
  • Organisering og samhandling

Abstrakt og kontaktinformasjon for dei ulike forskingsbidraga kan du lese her (pdf).

Konferansen arrangerast årleg med moglegheit for alle som er interessert å delta.