Det blir prøvd ut ein modell for oppfølging av mor og barn der jordmor i kommunen overtek oppfølging som tradisjonelt blir utført under sjukehusopphaldet. Familiane som får dette tilbodet kan reise heim tidligare og unngår å måtte vere innlagt for å vente på tidsavhengige undersøkingar av barnet. Dei får dermed større friheit til å velje omsorgsmodell ut i frå sitt behov.
Med prosjektet Familievennlig start på livet ønsker kommunane Haram og Ålesund saman med Ålesund sjukehus å styrke samhandlinga rundt barselkvinner, nyfødde og familien i den tidlege barseltida.
Skildring av prosjektet
Formålet med prosjektet er å etablere eit heilskapleg tenestetilbod for barselkvinna, den nyfødde og familien, slik at dei oppleve tryggleik og samanheng i tenestene også ved heimreise kort tid etter fødsel. Tilbodet er ei vidareutvikling av dagens barseltilbod.
Ifølgje Nasjonal fagleg retningslinje for barselomsorga inneber eit optimalt barseltilbod individuell oppfølging der også varigheit på sjukehusopphaldet blir tilpassa behova til kvinna, den nyfødde og familien. Barselomsorga skal vere fagleg forsvarleg uavhengig av om mor og barn er heime eller på sjukehus den første perioda av barseltida – og tilretteleggast slik at ho blir føreseieleg og familievenleg.
Når undersøkingar (blodprøve, høyrselstest, vektkontroll og screening for gulsot), som tradisjonelt har blitt utført under sjukehusopphaldet, kan bli utført i heimen vil mødrer og barn som oppfyller fastsette kriterium kunne skrivast ut når dei er klare for det – gjerne kort tid etter nyføddundersøking ved barnelege.
Modellen er fagleg forankra i nyføddmiljøet (barnelege) og hos laboriatorietenesta i Helse Møre og Romsdal som er viktig for ivaretaking av pasienttryggleik.
Prosjekgruppe Familievennleg start på livet
-
Helse Møre og Romsdal, Ålesund sjukehus
Ytterbø er også leiar i Fagleg samarbeidsutval for svangerskaps- fødsels- og barselomsorg i Møre og Romsdal.
-
Helse Møre og Romsdal, Ålesund sjukehus
-
Ålesund kommune
-
Linda Hoff Johansen
Verksemdsleiar
Ålesund kommune
-
Bodil Otterlei Fjørtoft
Avdelingsleiar helsestasjonstenester
Bodil.Johanne .Otterlei .Fjortoft @haram .kommune .no Haram kommune
