Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
2026 - 2029

Mål og strategi for Helsefellesskapet

Vedteke av Partnarskapsmøte 7. mai 2026.

Eitt lag - felles ansvar
Visjon Helsefellesskapet

 

Helse- og omsorgstenestene vil framover møte store utfordringar knytt til blant anna færre sysselsette, auka sosiale helseforskjelar, kamp om helsekronene og auka forventningar til helsetenester frå befolkninga.

Helsefellesskapet femner om begge helsenivåa som må samhandle og samarbeide breitt for å sikre at vi i framtida kan ha berekraftige helsetenester til innbyggjarane. Nøkkelen til å lykkast må bygge på felles verklegheitsforståing og felles mål og strategi for samarbeidet. Økonomisk gevinst vert ein konsekvens av å lukkast med dei fire hovudmåla, som ein integrert del av strategien.

I helsefellesskapet erkjenner vi at helsenivåa er gjensidig avhengig av kvarandre for å lykkast.

Med eit slikt utgangspunkt vil partnarane saman med brukarane finne gode løysingar gjennom arbeid mot desse fire prioriterte måla:

  • Sterkare samhandling – felles kultur
  • Prioritere gjennom kloke val
  • Digitalisering og bruk av ny teknologi
  • Kompetanse og rekruttering

 

Tillit - Rausheit - Respekt
Verdiar Helsefellesskapet

 

  • STERKARE SAMHANDLING – FELLES KULTUR

    STRATEGI:

    Mot og vilje til endring

    Kunnskap og respekt for kvarandre

    Brukarinvolvering ved tenesteyting og i planarbeid

    Involvere kvarandre ved endring og utvikling av tenester

    Leite etter og utnytte synergiar

    Felles retning for å styrke gjennomføringsevna

    Bidra aktivt og finne berekraftige løysingar

    Effektive møtearena

    Spele kvarandre god

  • PRIORITERE GJENNOM KLOKE VAL

    STRATEGI:             

    Implementere "kloke val" prinsipp i all samhandling og tenesteyting på begge helsenivåa

    Riktig behandling til rett tid på rett stad.  

    Innovasjon og omstilling som gir styrkja tenesteutvikling og gode pasientforløp

    Sjå innbyggjarane i eit livsløpsperspektiv

    Prioritere framtidsretta og langsiktig

    Felles refleksjon rundt etisk problemstillingar

  • DIGITALISERING OG BRUK AV NY TEKNOLOGI

    STRATEGI :

    Saman utvikle heilskaplege teknologiske og digitale løysingar

    Utvikle løysingar som gir auka kvalitet, spart tid og sparte kostnader

    Vidareutvikle eksisterande løysingar

    Partnarane skal velge løysingar som legg til rette for samhandling og gir synergiar

    Bruk av ny teknologi i samarbeid med pasientane skal auke sjølvstendet og eigenmeistringa til innbyggjarane

  • STYRKE KOMPETANSE OG REKRUTTERING

    STRATEGI:

    Dele på ressursar der det er hensiktsmessig

    Utvikle løysingar for å dele og lære av kvarandre

    Utvikle samarbeidet mellom partane og utdanningsinstitusjonane 

    Felles ansvar for omdømmebygging og framsnakking

    Felles rekruttere-, utvikle- og behalde-strategi 

    Invitere til felles læringsarenaer, fagdagar m.v

Sist oppdatert 18.05.2026