Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandlingskonferansen 2026

Samhandlingskonferansen 2026 samlar aktørar frå helsefellesskapet og andre aktuelle i heile Møre og Romsdal for å løfte blikket – og gå i djupna på korleis vi saman skal møte dei store utfordringane i helse- og omsorgstenestene.

5.
november
2026
  1. 05. nov. 2026, 09:00 - 15:30
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 05. nov. 2026, 09:00 - 15:30
Kvar
Scandic Alexandra Molde
Påmelding

Frist for påmelding: 22. okt. 2026

Påmeldingsskjema

Vi har no gleda av å ønske velkomen til den store samhandlingskonferansen i Helsefellesskap Møre og Romsdal 2026 som går av stabelen 5. november på Scandic Alexandra i Molde.

Målgruppa for konferansen er i hovudsak Partnarskapsmøtet, klinikksjefar, avdelingssjefar og styret i Helse Møre og Romsdal, ordførarar, kommunedirektørar, kommunalsjefar, kommuneoverlegar, tillitsvalde på fylkesnivå, Statsforvaltaren, Pasient- og brukarombodet, KS Møre og Romsdal og utdanningsinstitusjonane i fylket. Strategisk samarbeidsutval, leiar/nestleiar i lokale samarbeidsutval og faglege samarbeidsutval.

Men konferansen er open for alle interesserte frå helseføretak og kommunar.

 

Hovudtema på konferansen

Riksrevisjonens utgreiingar

Portrettbilde av Børre Fylling

Navn

Børre Fylling

Fagdirektør i Riksrevisjonen

Børre Fylling har lang erfaring med revisjon og evaluering av helse- og omsorgstenestene.

 

Han vil presentere:

 

Innlegget vil belyse korleis helse- og omsorgstenestene møter behova til den aukande gruppa eldre, og peike på utfordringar og forbetringsområde knytte til samhandling, kvalitet og berekraft i tenestene.

Rapport frå helsereformutvalet

En mann med briller

Navn

Edith Roth Gjevjon

Fagsjef, professor og medlem av Helsereformutvalet.

Edith Roth Gjevjon er fagsjef i Norsk Sykepleierforbund (NSF), professor i sjukepleie og medlem av Helsereformutvalet. Gjevjon vil presentere hovudfunna frå Helsereformutvalet si utgreiing om framtidas helse- og omsorgstenester, publisert 2. november 2026.

 

Her finn du detaljert program for dagen


Hald av datoen!

Påmeldingsfrist 22.10.2026