Melde frå om feil i HP

Slik kan våre samarbeidsparter melde frå om feil i Helseplattformen.

Publisert 26.04.2024
Sist oppdatert 19.05.2025
  1. Teknisk feil ved meldingsutveksling skal varslast til meldingsansvarleg på e-post: meldingsansvarlig@helse-midt.no  NB! Dersom du skal bruka denne kanalen, kan du ikkje angi sensitive pasientdata.
  2. Ved melding om feil i Helseplattformen der det er nødvendig å gjengi sensitive pasientdata, skal du bruke Altinn-skjema (krev innlogging med Bank-id):

Vi har oppdatert Altinn-skjemaet. Dersom du har starta på skjemaet før 19. mai vil dette diverre ikkje vere tilgjengelg, og du må fylle ut nytt skjema frå start. 

Dersom du har fått tildelt tilgang til Altinn-skjemaet som enkeltteneste i din organisasjon før 19 .mai 2025 må du no få tildelt tenesta på nytt. Dersom du har rolla Utfyller/Insender i din organisasjon vil du ha tilgang som før. Skjemaet er også tilgjengelege dersom du loggar inn med BankId som privatperson.

Informasjon om Altinn-skjemaet:

  • Skjemaet skal brukast ved melding om feil i Helseplattformen der det er nødvendig å angi sensitive pasientdata
  • Dersom noko hastar, ta direkte kontakt med aktuell klinikk og seksjon direkte eller via sentralbordet
  • Sentralbord Sunnmøre
    70105000
  • Sentralbord Nordmøre og Romsdal
    71120000
  • Ved alvorlege feil i HP med fare for liv og helse, ring HEMIT
    03612
  • Viss du ikkje ønsker å fylle ut og sende inn Altinn-skjema som privatperson, men på vegne av verksemda du jobbar i, må du få delegert tilgang til enkelttenesta «Melding om feil i Helseplattformen (HMR HF)» eller rolla Utfyller/Innsender. Det er tilrådd å berre gi tilgang til enkelttenesta.
    Her finst informasjon om det å delegere 

Feil og førespurnader knytt til HP-link skal du melde her : Support – HP Link