Kva er ReHabilitering?
I Forskrift om habilitering og rehabilitering er definisjonen slik: "Habilitering og rehabilitering er tidsavgrensede, planlagte prosesser med klare mål og virkemidler, hvor flere aktører samarbeider om å gi nødvendig bistand til brukerens egen innsats for å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltagelse sosialt og i samfunnet".
Rehabilitering er ein samordna og målretta prosess, der vi samarbeider med ein person med (lang)varig funksjonshemming. Før vi set i gang ein rehabiliteringsprosess, skal vi ha prøvd all nødvendig medisinsk utgreiing og behandling for å lækje følgjene av skade eller sjukdom. Rehabilitering er noko anna enn for eksempel rekonvalesens og pleie og omsorg.
Ressursar og avgrensingar
I rehabilitering legg vi spesielt vekt på kva ressursar og avgrensingar som finst, og som er viktige for korleis personane fungerer i dagleglivet sine aktivitetar, korleis dei tek del i samfunnslivet, og korleis dei opplever sin eigen livskvalitet. Behandlinga tek sikte på å trene opp att tapte funksjonar, som i sin tur skal føre til større aktivitet, auka deltaking og høgare livskvalitet. Når gjenopptreninga ikkje strekk til, må vi leggje til rette ved å bruke hjelpemiddel, og vi må tilpasse omgjevnader som bustad, arbeidsplass og fritidsaktivitetar. Målet er å nå eit så høgt fyssisk, psykisk og sosialt funksjonsnivå som råd utifrå personane sine ønske og ressursar.
For at vi skal lukkast, er vi avhengige av at personane sjølve medverkar aktivt. Då er det ein føresetnad at personane får nok informasjon, og at dei vert motiverte til å ta del gjennom heile prosessen. For mange er familien og det sosiale nettverket ein viktig ressurs, som kan medverke til eit godt resultat.
Tverrfagleg samarbeid
Eit kjenneteikn ved spesialisthelsetenesta for rehabilitering, er at tverrfagleg samarbeid er ein føresetnad for eit godt resultat, og at resultatet vert betre når vi arbeider i team enn med avgrensa særfaglege tiltak. Det tverrfaglege teamet kan vere samansett av mange ulike profesjonar, som til dømes lege, sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, logoped/spesialpedagog og psykolog.
I dei fleste tilfelle vil eit godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta vere nødvendig. I kommunehelsetenesta kan dette vere heimesjukepleie, kommunefysioterapeut og fastlege. Andre instansar kan vere hjelpemiddelsentral, trygdekontor, AETAT og liknande.
Kva tyder ordet rehabilitering?
Omgrepet rehabilitering kjem frå det latinske ordet ”habilas”, som tyder ”å gjere i stand til”. Forstavinga re- er den same som i t.d. retur, refleks og resirkulere, og tyder her igjen eller på nytt. Rehabilitering er såleis "å gjere i stand til igjen/på nytt". Med andre ord trene opp att noko ein tidlegare har vore i stand til før ein vart råka av sjukdom eller skade.
Korleis definerer vi omgrepa fysikalsk medisin og rehabilitering innan spesialisthelsetenesta?
Fysikalsk medisin omfattar diagnostikk og behandling av sjukdommar, skadar og funksjonssvikt i rørsleapparatet. Målgruppe: degenerative (slitasje) lidingar i skjelettet og belastings- og skaderelaterte blautdelslidingar.
Spesialisert rehabilitering omfattar diagnostikk og vurdering av funksjon og funksjonsutfall, pluss gjennomføring og evaluering av målretta tiltak. Spesialisten skal leie det tverrfaglege teamet. Målgruppe: funksjonshemming på grunn av medfødde tilstandar, påførte lidingar i det sentrale og perifere nervesystemet, det kardiovaskulære (hjarte-/ kar) systemet, multitraumatiserte og samansette svikt-tilstandar av somatisk (kroppsleg) og psykososial art.
På kva andre område bruker vi ordet rehabilitering?
Ordet har etter kvart spreidd seg til område som ikkje har noko med helse å gjere. Det kan vere om oppussing av bygningar, miljøtiltak og gjenoppretting av renomméet til ein person. Difor presiserer vi ofte innhaldet med å kalle det "medisinsk rehabilitering". Slik vonar vi at det skal skilje seg ut frå bruken i andre samanhengar.