REHABILITERINGSKONFERANSEN 2018
I år har konferansen fått namnet ”Mine mål og ressursar” og vi ynskjer med det å fjølge opp Helseministeren sitt fokus: «Kva er viktig for deg». Det betyr at fokuset vert på brukarens sine eigne ynskjer og mål. Den går av stabelen i Ålesund 31. oktober.
Opptrappingsplanen
Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017 – 2019 er sentrale for arbeidet i kommunar og helseføretak framover seier Koordinerande eining Anne Hollingen. -Det som er klart er at habilitering og rehabilitering i størst mogleg grad bør skje der livet vert levd. Det vil seie i heim, barnehage, skule, fritidsarenaer, bo- og nærmiljø og på arbeidsplassen.
-Vi må og ha meir fokus på sterkare brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid i team. Seniorrådgivar i helsedirektoratet Sigrun Gjønnes kjem for orientere meir om planen.
-Utfordringane i dag er mange seier Hollingen. -Vi har ofte for mykje vekt på sjukdom framfor funksjon og ressursar og ofte må vi innrømme at det sviktar i brukarmedverknaden og i samhandling og koordinering, enten internt på same nivå eller mellom nivåa. Legg vi til svikt i kapasitet og svikt i faglig kvalitet og organisering er det klårt at utfordringane er mange og store. Det vert difor spanande å høyre meir om kva ein på nasjonalt nivå legg vekt på.
Framtidsretta pasientløp for eldre multisjuke pasientar
Samarbeid må til for å klare utfrodringane. På nokre områder er vi godt i gang i Møre og Romsdal.
Nå starter helseføretaket, alle kommunane i Møre og Romsdal og brukarrepresentantar eit stort arbeid saman i høve eldre multisjuke pasientar. Her skal utviklast konkrete tiltak for å styrke samhandling om oppfølginga av eldre pasientar med samansette og kroniske helseplager.
-Vi skal lage heilskapelege og samanhengande helsetenester med utgangspunkt i kva som er viktig for han/henne. Arbeidet har starta seier spesialrådgjevar i samhandlingssjeksjonen i Helse Møre og Romsdal Britt Valderhaug Tyrholm. Ho kjem for å orientere om arbeidet.
Andre tema
Andre tema som vert tatt opp er hjernehelse, psykologisk fleksibilitet og overordna planar for opptrapping og koordinering.
-Vi har lagt vekt på kortreiste føredrag seier Hollingen. -Det gjer det enklare å ta kontakt med føredragshaldarane på eit seinare tidspunkt om det er noko du ynskjer å fylgje opp.
Konferansen vert arrangert i samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Dei fleste av føredragshaldarane er frå Møre og Romsdal. Og det er framleis plassar igjen