Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Akutt 24 - eit nytt konsept i Helse Møre og Romsdal

HMR har etablert ein korttidspost på Hjelset – Akutt 24. Pasientar som blir tilviste til spesialisthelsetenesta blir vurderte i akuttmottak om behov for innlegging. Der det er behov for innlegging er det lege i akuttmottak som vurderer kva omsorgsnivå pasienten skal ha. Akutt 24 er ein av sengepostane som då kan vere aktuell, ved sida av våre andre sengepostar og intensiv.

Publisert 05.06.2025
Sist oppdatert 17.06.2025

Akutt 24 har totalt 19 senger til akutthjelp med observasjon og/eller igangsetting av behandling.


Målsettinga med ein slik korttidspost i sjukehuset er å etablere gode og effektive pasientforløp der pasientane raskt blir diagnostiserte, behandla og utskrivne, utan innlegging i ordinær sengepost. Dette er eit «hurtigsjukehus» i sjukehuset.

Behandlingstilbodet ved Akutt24 er spesielt innretta mot korttidsbehandling av pasientar med somatiske tilstandar. Dette er pasientar som allereie før overflytting frå akuttmottak er vurdert til å vere forventa ferdigbehandla og utskriven i løpet av 24 timar.

Akutt24 tek imot både medisinske og kirurgiske pasientar. Fagområda som per no brukar akutt24 er kardiologi, generell indremedisin, nevrologi, kirurgi, ortopedi, øyre-nase-hals og gynekologi.

Det er eigne inklusjons- og eksklusjonskriterium som ligg til grunn for innlegging ved Akutt24.