Akuttilbodet til barn fram til opning av sengeområdet for barn og unge på Hjelset 2. juni
Barneavdelinga på Hjelset vil fram til 2. juni ha tilbod frå kl 08:00 til 20:00 på kvardagar der dei kan ta imot akutt hjelp og gjere vurderingar, samt drive poliklinikk og dagbehandling på dagtid. Barn som har behov for innlegging vil i mellomtida bli sendt til Ålesund sjukehus.
Publisert 06.05.2025
Sist oppdatert 22.05.2025
Sengepost for barn og ungdom på Hjelset opnar 2. juni 2025.
Kontakt ved behov for innlegging
Fastlege/legevaktslege som vil legge inn ein pasient på barnemedisinsk avdeling skal som vanleg ta kontakt med AMK, som vidare kontaktar vakthavande lege ved aktuell avdeling. HMR har gode rutinar i alle sjukehusa våre for å handtere akutt sjuke barn. Vi har trygge rutinar ved stengt barneavdeling, da avdelinga årleg har stengingsperiodar i ferie- og høgtider.